Dermed har Høgsterett gjort dei same vurderingane som to rettsinstansar tidlegare: Teknologisenteret på Mongstad oppfyller lovkrava for når ein kan krevje inn eigedomsskatt. Det har Lindås kommune for lengst fastslått, men eigarane har klaga vedtaket inn for tre rettsinstansar for å få det kjent ugyldig.
Med Høgsteretts dom måndag, ser det ut til at prosessen har fått sin ende, med det resultatet at eigarane må punge ut både skattekroner og sakskostnadene til motparten.
Det er investert nær seks milliardar kroner i månelandinga til dåverande statsminister Jens Stoltenberg (Ap), CO2-teknologisenteret TCM på Mongstad. Den årlege eigedomsskatten utgjer derfor mellom 30 og 35 millionar kroner, ifølgje Dagens Næringsliv.
Høgsteretts konklusjon er at sjølv om produksjonen på Mongstad ikkje er inntektsgivande i dag, så er investeringane gjort i med det føremålet å hente ut forteneste når teknologien er ferdig utvikla og klar for sal. Senteret høyrer til det lova kategoriserer som «verk og bruk», men treng uansett ikkje tene pengar i dag for at kommunen skal kunne krevje inn eigedomsskatt, ifølgje Høgsterett.