Hopp til innhold

Har lita tru på bydelsflørten frå Bergen

Bergen lokkar med eigne bydelsstyre til Osterøy og Vaksdal i forhandlingane om kommunesamanslåing. – Heilt surrealistisk, meiner stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp).

Kjersti Toppe

Stortingspolitikar Kjersti Toppe (Sp) har lita tru på at dei eventuelle bydelsstyra til Vaksdal og Osterøy vil overleva lenge i ein kommunesamanslåing med Bergen.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

I dag starta forhandlingane om kommunesamanslåing mellom Bergen, Osterøy og Vaksdal. Dei to nabokommunane til Bergen har varsla at noko av det viktigaste på forhandlingsbordet er å sikra eit vidare lokaldemokrati til dei to kommunane.

Det er byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) fullstendig klar over. Han vil freista dei to nabokommunane med eit lokalt styre i form av eit bydelsstyre.

– Dersom innbyggjarane i Osterøy og Vaksdal skal vera positive til ei samanslåing, så må vi finne gode ordningar for nærdemokrati, slår byrådsleiaren fast.

Harald Schjelderup

Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) vil lokka Osterøy og Vaksdal inn i ei samanslåing ved å gi dei eigne bydelsstyre.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Surrealistisk

Men akkurat den lovnaden har stortingsrepresentant Kjersti Toppe lite tillit til. Senterparti-politikaren meiner det er heilt surrealistisk at Vaksdal og Osterøy skal verta bydelar i Bergen.

– Heilt ærleg, eg trudde det ikkje første gong eg høyrde det. Og no som det er vorte realistisk, vil eg minna vaksdølene og ostringane om at dei set lokaldemokratiet på spel, seier Toppe til NRK.

– Arrogant

I Vaksdalsposten i dag er Toppe sitert på at Vaksdal som bydel i Bergen er ein vits. Ordførar Eirik Haga (Ap) i Vaksdal reagerer.

– Det er ganske arrogant sagt. Her er det lokaldemokratiet som har sagt at vi skal gå vidare med to alternativ; det eine er å vera eigen kommune og det andre er å bli ein del av Bergen kommune.

Haga peikar på at Bergen kommune jobbar for å forsterke bydelsdemokratiet, noko som er ei føresetnad for vaksdølene om dei skal vera interessert i å bli bergensarar.

– Utgangspunktet vårt er at det må sikrast eit demokratisk nivå aust for Ulriken.

– Bydelsstyra vil forsvinna

Kjersti Toppe, som sjølv bur i Åsane og har sete fleire år i Bergen bystyre, meiner bydelsstyra som eventuelt blir oppretta ikkje vil overleva på sikt, og at Vaksdal og Osterøy blir utkantar i ein bergensk storkommune.

Ho viser til historia der Arbeidarpartiet ifølgje ho har avvikla «bydelsstyre på bydelsstyre».

– Ein må ikkje verta naive. Eg kan ikkje sjå at da ein får til av lokaldemokrati i ein eventuell samanslåing med Bergen kan vera ei erstatning for det som er i dag.

Eirik Haga, ordførar i Vaksdal for Arbeiderpartiet

Vaksdal-ordførar Eirik Haga (Ap) minner Kjersti Toppe om at det er lokaldemokratiet sjølve som har bestemt av Vaksdal skal gå i forhandlingar med Bergen om samanslåing.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Frist til 1. juli

Over heile landet går det føre seg forhandlingar mellom kommunane.

I Hordaland har mellom andre åtte kommunar i Nordhordland blitt samde om å skriva under ein intensjonsavtale, i det som kan bli ein av dei største samanslåingane i landet.

Blir det signert ein avtale i Bergen dei neste vekene, seier Vaksdal-ordføraren at det skal vera folkeavstemming i kommunen som kommunestyret må ta stilling til før endeleg avgjerd blir tatt.

– Lokaldemokratiet kjem til å fungere greitt, avsluttar Haga.