NRK Meny
Normal

Haglbyge avbraut statsministeren

Det vart friskt på Fløyen i Bergen då Erna Solberg opna Friluftslivets år.

Haglbyge meldte sin ankomst då statsministeren opna Friluftslivets år i Bergen.

FRISKT: I ei skikkeleg haglbyge erklæra Erna Solberg Friluftslivets år for opna. Foto: Asle Hella/NRK

Trude Drevland opnar friluftslivets år

Også Bergensordførar Trude Drevland var med på opninga av Friluftslivets år.

Foto: Fayruz Sado / NRK

- Vi får sjå kor lenge vi klarer å stå her i dette. Eg skal kutte litt i manus!

Det var alt Erna Solberg rakk å sei før ein høgtalar måtte gi tapt då ei skikkeleg haglbyge viste seg fram på Fløyen i Bergen i føremiddag.

I anledning opningen av Friluftslivets år hadde både statsministeren og ordførar Trude Drevland teke turen til Fløyen i Bergen.

- Målet er å få fleire på tur

- Regjeringa er opptatt av friluftsliv. Det er ein viktig del av folkehelsa og den heng også saman med kulturarven vår, sa Solberg til NRK etter opninga.

Ein større forsamling hadde møtt opp 320 meter over Bergen sentrum opp for å markera starten.

- Det er ein stor dag for alle. Målet for 2015 er å få heile befolkninga ut på tur, seier leiar Helene Ødven i Bergen og Hordaland turlag.

Det er ikkje berre i Bergen at opninga av friluftslivet vart markert i dag. Den offisielle opninga var i Tøyenparken i Oslo, der kronprinsparet var blant deltakarane.

Erna Solberg tek ein sjølfie på Fløyen

SJØLFIE: Erna Solberg tek ein sjølfie med resten av gjengen.

Foto: Fayruz Sado / NRK

Skal sova ute

Gjennom året blir det arrangert fleire aktivetar som sett fokus på livet i friluft. Dagens opning blir markert med ei natt i naturen over heile landet.

- Vi oppmodar folk til å sove ute natt til 14. januar. I Bergen blir det eit større arrangement på Fløyen, der mange skal sove under open himmel. Men det er lov å ta med teltet også, smiler Ødven.

Nær 200 ordførarar har også tatt utfordringa, og skal i natt sova ute i naturen. Med eit smil seier statsministeren at ho er litt meir skeptisk.

- Eg må innrømme at etter ein lang speiderkarriere så er eg litt ferdig med teltlivet. Men eg ønskjer alle ordførarane ei god natt og dei vil nok få ei god oppleving.