Vestlandsveret får æra for betringa i luftkvaliteten.
For høgt tre gonger
Berre tre gonger vart det målt for høge verdiar av nitrogendioksid på Danmarks plass i fjor. Like mange tilfelle var det ved rådhuset, skriv Bergens Tidende.
Dette er vesentleg lågare enn kravet i luftkvalitetsføreskrifta om maksimum 18 episodar for at tiltak skal setjast inn. Resultata er også betre enn dei nasjonale måla som er strengare enn luftkvalitetsføreskrifta, konstaterer Bergen kommune.
– Vi er veldig nøgd med at målingane er dei lågaste på ti år, men vi følgjer med og tek det alvorleg, seier byråd for helse og omsorg, Hilde Onarheim (H).
Veret har vore viktig
Sjølv om ho håpar noko av reduksjonen kjem av auka medvit blant bilistane og at fleire har gått over til Bybanen, legg ho ikkje skjul på at veret har spelt ei viktig rolle.
Mykje regn, relativt høge temperaturar og mykje vind har reinsa lufta. Til samanlikning førte det kalde veret i 2010 til heile 191 episodar med for høge verdiar av nitrogendioksid på Danmarks plass.