Hopp til innhold

Frikjenner rottene for Svartedauden

Ny forsking slår fast at rottene ikkje kan skuldast for at Svartedauden braut ut i Noreg og Europa.

Rotte

USKULDIG DØMT?: Forskarane har konkludert med at dei svarte rottene ikkje kan klandrast for svartedauden.

Foto: AFP

Det har vore ei allmenn oppfatning at Svartedauden, som på 1300-talet tok livet av 75 millionar menneske i Europa og Asia, skuldast smitte frå rotter.

Men no slår ny forsking hol på teorien, og konkluderer med at det er lopper og andre gnagarar som må bere ansvaret for å ha ført pandemien hit.

– Rottene kan frikjennast. Historia må skrivast om, fastslår professor Nils Chr. Stenseth, som leiar forskingsgruppa ved Universitetet i Oslo, som står bak funna.

LES OGSÅ: Europas pester kom fra Kina | DNA-analyse av svartedaudbakteriar kan spå neste epidemi

Oppstod blant ørkenrottene i Sentral-Asia

Nils Christian Stenseth og Kjetill Jakobsen

Nils Chr. Stenseth og Kjetill Jakobsen ved CEES.

Foto: Ola Sæther

Sjølv om rottene ikkje lenger kan klandrast for at Svartedauden braut ut i Europa, er det ein annan gnagar, ørkenrotta, som ikkje slepp heilt unna tiltale.

Like før pesten braut ut i Noreg og Europa, var det ifølgje Stenseth gode forhold for ørkenrottene i Kasakhstan og Kina. Men så blei det tørke i området, og ørkenrottebestanden minka kraftig.

Det gjorde at dei smitteberande loppene søkte over på andre pattedyr, som menneske. Smitta blei så frakta med handelsreisande som drog til Europa.

– Ein har trudd at eit gnagarreservoar i Europa var årsaka til pestutbrotet, men dette har me sett ikkje stemmer, seier Stenseth.

LES OGSÅ: Svartedauden: Opphavet til all pest i verden i dag

Sjekka årringar på tre

For å avlive myten om at det var ein gnagarbestand som var årsak til pesten, har forskarane undersøkt årringar i tre frå Europa og Asia. Slik har dei sett at 12–15 år etter «gode» klimatiske periodar i Asia, har det oppstått pest i Europa.

Funna har gitt forskarane stor internasjonal merksemd, mellom anna frå BBC.

– Det har vore veldig hyggeleg. Svartedauden tok livet av millionar av menneske, og har på den måten endra historia vår. Det er kanskje difor så mange har latt seg engasjere og tykkjer dette er spennande, seier Stenseth.

LES OGSÅ: – Svartedauden ligger i genene våre