Hopp til innhold

FRIFUNNEN FOR FISKEFUSK:

Ein skipper frå Hordaland er frifunnen for fiskefusk, og slepp dermed å betale bota på 2 millionar kroner. Hausten 2013 oppgav han 200 tonn for lite makrell, då han leverte fangst ved eit fiskemottak i Herøy. Feil på utstyret om bord i båten gjorde at skipperen trudde fangsten var mindre enn han var, og retten er komen til at skipperen ikkje kan lastast.