NRK Meny
Normal

Eilen (30) fridde i Hardangerfjorden

Eilen Rykkje tok sjansen då Sommarbåten passerte Ålvik i Hardanger. På 30-årsdagen sin fridde ho like godt til typen på direkten.

Eilen Rykkje fridde til kjærasten då Sommarbåten passerte Ålvik i Hardangerfjorden.

SLIK KAN DET OGSÅ GJERAST: Eilen Rykkje (30) var lei av å venta på at kjærasten Bjørn Olav Torpe skulle stilla det viktige spørsmålet. Dermed gjorde ho det like godt sjølv, då Sommarbåten passerte Ålvik i dag tidleg.

Bjørn Olav Torpe og Eilen Rykkje

SA JA: Bjørn Olav Torpe brukte ikkje lang tid på å svara på det direktesendte frieriet frå kjærasten Eilen Rykkje.

Foto: Privat

NRKs sommarbåt er i dag på veg til Bekkjarvik i Austevoll. Turen starta i Ulvik i Hardanger tidlegare i dag, og båten er venta framme ute i vest klokka 15.00.

Undervegs har det som vanleg vore godt oppmøte med folk både på sjøen og på land. Gjennom sendingane i sommar har fleire tusen vinka til kamera, med både flagg og artige plakatar med.

Fridde på direkten – på 30-årsdagen

Torsdag dukka det opp ein heilt spesiell plakat med ein viktig beskjed i Ålvik i Hardanger. Eilen Rykkje har venta lenge på at kjærasten gjennom snart 15 år, Bjørn Olav Torpe, skulle manne seg opp og fri på skikkeleg vis.

Då ho i dag vakna opp på 30-årsdagen sin, tenkte ho at no fekk da vera nok.

– Eg kom på det i dag tidleg. Eg kunne ikkje vera ugift lenger, ler Eilen.

Bli med oss på hele reisen fra Vadsø i nord til Oslo i sør gjennom 58 sommerdager

Sommarbåten er i Hordaland for tida og skal syna fram fylket frå si beste side. Følg sendinga direkte her.

Fekk ho ja?

Dermed var det opp med norsk flagg og ein plakat med teksten «Bjørn Olav, skal me gifta oss». For å sikra seg at Bjørn Olav fekk med seg frieriet, ringde ho han på telefonen.

– Eg var mildt sagt i sjokk og fekk høg puls ei stund. Eg såg plakaten og sa sjølvsagt straks ja, fortel ein glad Bjørn Olav.

Høyr Eilen og Bjørn Olav fortelje om det spesielle frieriet:

Spektakulære triks

Det var fleire som ville visa seg fram på fjernsyn i formiddag.

Håkon Fosso er akrobatflygar av rang, og la ikkje noko mellom då Sommarbåten tøffa gjennom Hardangerfjorden.

Mekanikaren bygde sitt første sjøfly på eiga hand og er i dag ein av dei beste akropilotane i Noreg. Han kan mellom anna skilta med ein andreplass i VM i akrobatflyging.

I dag viste han fram kunstane sine då Sommerbåten passerte på veg ut frå Ulvik mot Austevoll.

Med god luft under vengene gjennomførte Fosso fleire spektakulære og luftige triks for publikum.

Akrobatpilot Håkon Fosso viste fram spektakulære triks då Sommarbåten tok turen sørover i Hardangerfjorden.

SPEKTAKULÆRT: Håkon Fosse synte fram både salto og snurr i Hardangerfjorden i dag.

Siste video

Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo
Nå vurderer naboene å flytte.