Hopp til innhold

Frekk tjuv stal 20 halvliterar og 40 sekspakningar med øl

Mannen var ute etter øl, men lite interessert i å betala for seg.

Bunnpris på Bønes

Det var denne butikken på Bønes som vart fråstole ein god del øl laurdag. Bilane og personane på bildet har ingenting med tjuveriet å gjera.

Foto: Ole Andre Lagmanndokk / NRK

Det var klokka 11.54 at politiet i Bergen fekk inn den noko uvanleg meldinga om eit stortjuveri av øl frå ein Bunnpris-butikk på Bønes.

– Det skal vera snakk om eit 20-tals halvliterar med øl, samt over 40 sekspakningar med same innhald, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Kjapp hovudrekning fortel at mannen stakk av med minst 90 liter med øl.

Korleis han har klart å få dette med seg usett forbi kassen er ikkje kjent, men personalet oppfatta til slutt kva som var på ferde då dei såg mannen fylle bagasjerommet på bilen sin.

Kjenning av politiet

Då stakk tjuven av, og politiet vart varsla. Deretter fekk dei inn vitneobservasjonar frå Fjøsangerveien i Bergen.

– Det var nokon som såg at han var i ferd med å lempe det inn i ein leilegheit på staden. Vi arresterte han klokka 12.15 og har sett han i arresten i Bergen sentrum, fortel Kolltveit.

Butikktjuven er godt kjent av politiet frå før av. Han er i midten av 30-åra og er tatt for nasking og tjuveri før. Kva han skulle med all ølen er uklart, men butikken har i alle fall fått alle varene sine tilbake.