NRK Meny
Normal

Framtida blir avgjort i morgon

I morgon får Kurt Oddekalv vite om han blir nøydd til å seie opp dei 17 tilsette.

Oddekalv aksjon

I TRØBBEL: Namsmann og politi troppa opp hjå Norges Miljøvernforbund og Kurt Oddekalv (til venstre) tysdag. No nærmar organisasjonen seg ifølgje Oddekalv konkurs igjen.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Norges Miljøvernforbund har så store økonomiske vanskar at dei kan bli slått konkurs på torsdag. Framtida til organisasjonen og dei 17 tilsette kan bli avgjort i eit møte med Sparebanken Vest.

– Eg er veldig nervøs, men eg prøver å ha is i magen, seier Kurt Oddekalv.

I går henta namsmannen teknisk utstyr for mange millionar kroner om bord i Miljødronningen. Det kan bety kroken på døra for Miljøvernforbundet som har slite lenge med økonomiske problem.

– Det er ingenting eg kan gjere

Oddekalv meiner at han no er fråteken alle moglegheiter til å redde seg ut av den økonomiske knipa.

– No er eg heilt i hendene på banken. Det møtet me skal ha med banken no på torsdag avgjer alt. Heile framtida vår. Viss dei vil slå oss konkurs, kan ikkje me gjere noko med det. Me har inga moglegheit til å betene det lånet me har på båten.

– Kva gjer du viss møtet på torsdag ikkje går din veg?

– Nei, det veit eg ikkje. Me kan bli tvungne til å seie opp alle som jobbar her og slutte, rett og slett.

Oddekalv meiner òg at dei vart fråtekne moglegheita til å tene pengar då namsmannen tok med seg ubåten på båten «Miljødronningen» i går.

Kurt Oddekalv

VIKTIG DAG I MORGON: Torsdag får Kurt Oddekalv vite om han blir slått konkurs av banken.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

– Me har ei tung økonomisk plikt med båten, så me er avhengige av at den fungerer på alle moglege måtar. Den er ei inntektskjelde for oss. Me har eit prosjekt klart no som går ut på at me skal ut og sjå på gamle krigsvrak og syne folk norsk krigshistorie. Det har blitt tatt frå oss no.

– Alt går feil veg

Oddekalv skildrar den siste tida som svært tung og vanskeleg.

Les òg: Oddekalv unngår konkurs

– Ting har gallopert i feil retning, og det er veldig leit.

Han er svært usamd i avgjerda om å hente ut ubåten, og måten det vart gjort på, og seier tanken på at det skal vere kroken på døra er bitter.

– Det vil vere det endelege beviset på at Noreg går alt for langt for å verne om oppdrettsnæringa. Viss dette er den einaste måten dei kan ta oss på, så får dei berre gjere det. Da kan eg ikkje gjere meir.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.