NRK Meny

FRAMSTILT FOR VARETEKT:

Mannen som vart arrestert under aksjonen til politiet i lokala til Hells Angels i Bergen i går, blir framstilt for varetektsfengsling i Bergen tingrett i dag. Ifølge Bergens Tidende vil det bli lukka dører under fengslinga. Årsaka er ifølge politiet at dei står føre ei omfattande etterforsking og må halda korta tett til brystet. Mannen har status som sikta i ei straffesak, som ifølge politiet ikkje har noko med MC-klubben å gjera.

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.