NRK Meny

Framleis uvisst skadeomfang

Politiet veit førebels ikkje meir om kvifor mannen som vart frakta til sjukehus etter å ha blitt berga opp av sjøen i Bergen natt til søndag, hamna i vatnet. – Vi veit heller ikkje kor lenge mannen låg i vatnet før han vart redda opp, seier operasjonsleiar Hans-Erik Thue i Vest politidistrikt. Skadeomfanget er framleis ukjend.