Framleis uvisst når fregatten kan hevast

Sjøforsvaret treng fem til seks dagar med gunstig vêr for å heve KNM «Helge Ingstad». Men godvêret lar vente på seg.

KNM Helge Ingstad under vann

UTSETT: Vêret har stoppa bergingsarbeidet ei rekke gonger. Heller ikkje denne veka ser det ut til at Forsvaret får vervindauget dei treng for å starte hevinga.

Foto: Kystverket, Kystvakten/Forsvaret

74 dagar etter fregattulukka i Øygarden, er det framleis uvisst når den havarerte fregatten KNM «Helge Ingstad» kan hevast.

Slutten av denne veka har blitt peika på som første høve til å heve fregatten, men vêret kan igjen forseinke operasjonen.

Forsvaret er nemleg avhengig av fem til seks dagar med godt ver for å kunne gjennomføre hevinga.

Må feste dei siste kjettingane

Sidan kollisjonen mellom fregatten og tankskipet «Sola TS» har Sjøforsvaret jobba med å sikre fregatten og gjere den klar til hevinga.

11. januar fortalde Sjøforsvaret pressa korleis dei skal heve fregatten. Ved hjelp av 16 løftekjettingar skal fregatten opp på den nedsenkbare lekteren «Boabarge 33».

Kommandørkaptein Arild Øydegard, som er prosjektleder i Forsvarsmateriell for Ingstad-hevingen

VANSKELEG JOBB: Kommandørkaptein Arild Øydegard er prosjektleiar i Forsvarsmateriell og leiar arbeidet med å heve fregatten.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Prosjektleiar for hevinga, kommandørkaptein Arild Øydegard i Forsvarsmateriell, sa under pressemøtet at dei kunne vere klare til å heve fregatten om ti til elleve dagar.

– Det føreset at vi får jobba kontinuerleg, sa Øydegard.

Før hevinga kan starte må nemleg Forsvarsmateriell, som har ansvaret for berginga, ha nok dagar med godt vêr til at dykkarar får festa dei to siste kjettingane.

Det har dei enno ikkje hatt.

– Vi har nokre dagar med arbeid igjen for å få alt på plass og stramme og sikre, stadfestar kommunikasjonsrådgjevar i Forsvarsmateriell Vigdis Hvaal.

Følg berginga direkte:

NRK sender kontinuerlig fra bergingsaksjonen av KNM «Helge Ingstad».

NRK sender kontinuerleg frå bergingsaksjonen av KNM «Helge Ingstad».

Skiftande ver den neste veka

Statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand følgjer med på vêrforholda i Hjeltefjorden, og seier det både vil bli godvêrsdagar og dagar der ein truleg må stoppe arbeidet framover.

– Fem til seks dagar utan nedbør og lågtrykksaktivitet samanhengande får ein ikkje denne veka, men innimellom lågtrykka kan ein få lengre periodar med gunstige vêrforhold.

Også vindretninga er viktig for bergingsarbeidet, og der ligg det an til at Forsvaret får noko betre forhold denne veka.

– Vindretninga er gunstigare no enn den har vore tidlegare, seier Strand.

fregatt 01

UNDER VATN: Fregatten har sklidd etter at Forsvarsmateriell la planen for korleis dei skulle løfte fregatten, og det har gjort arbeidet med å feste løftekjettingane vanskelegare.

Foto: JON BOLSTAD / NRK

Vind forseinkar arbeidet

Sidan bergingsarbeidet starta har Forsvaret meldt om stopp i arbeidet på grunn av vanskelege vêrforhold ei rekke gonger.

Vind og høge bølgjer i fjorden har også på nyåret stoppa førebuingane fleire gonger. Særleg dykkarane som jobbar med å feste kjettingane er utsett, og Forsvaret stoppar arbeidet når dei må.

– Omsynet til helsa til dei som jobbar med hevinga er viktigast. Båten kjem opp, lovar Vigdis Hvaal i Forsvarsmateriell.