Hopp til innhold

Framleis stor fare for flaum i åtte fylker

Måndag kan nedbørsmengdene komme opp i 30–50 millimeter. NVE følgjer nøye med på situasjonen i vassdraga.

Flom Odda 05072015

ODDA: Slik såg det ut i Opo-elva i Odda søndag. Måndag morgon regnar det kraftig i området som blei råka av ein stor flaum i fjor.

Foto: 03030-tipser

Søndag sende Meteorologisk institutt ut obsvarsel for indre strøk av Hordaland, Sogn og Fjordane og heile Møre og Romsdal. Det er også meldt om kraftige regnbyer og lokalt mykje nedbør i Aust-Agder, Telemark og på Austlandet.

Brigt Samdal regionsjef NVE

Brigt Samdal, regionsjef i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Måndag formiddag melder NVE at faren for flaum framleis er stor. For åtte fylke i Noreg ligg varselet no på farenivå oransje, som er det nest høgaste varselet.

– Enkelte vassdrag kan auke opp mot ein femårsflaum. Det er litt vanskeleg å seie, for det er framleis usikkert kor mykje det blir og akkurat kvar nedbøren kjem. Men det kjem til å buldre bra i ein del vassdrag i dag og i morgon, seier regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

LES OGSÅ: – Det er store krefter i sving no

Ventar mellom 30 og 50 mm nedbør

Det oransje flaumvarselet som fyrst blei sendt ut fredag gjelder deler av Aust-Agder, Buskerud, Hordaland, Møre og Romsdal, Oppland, Rogaland, Sogn og Fjordane og Telemark.

På dette varselnivået kan ein vente omfattande oversvømmelsar og flaumskadar utsette stader.

  • Få meir informasjon om flaumfaren på Yr og Varsom.
regnværet kjem

MÅNDAG: Slik vil nedbøren ifølgje varselet treffe Vestlandet måndag.

Foto: Metreologisk institutt

Meteorologisk institutt har varsla mellom 30 og 50 millimeter nedbør i Hordaland og Sogn og Fjordane i løpet av måndag, og det er fare for at nokre elver stig raskare enn normalt.

Det er særleg dei flaumråka områda på Vestlandet som vert halde under oppsyn.

– Me har nokre krevjande dagar framfor oss. Det er framleis mykje snøsmelting, og no kjem det mykje nedbør inn. Kombinasjonen av desse to gjev ein del utfordringar i vassdraga, seier Samdal.