Hopp til innhold

– Eg tenkjer på kor mykje arbeid gutane mine har lagt i huset

Røyken steig framleis frå brannruinane på Djønno i Ullensvang, seint i ettermiddag.

Ein einebustad og tre naust gjekk opp i flammar på Djønno i Ullensvang.

VIL BYGGJE OPP ATT: Familien som mista heimen sin i Ullensvang i natt, har bestemt seg for å byggje huset opp att. Brannen starta i 3-tida natt til onsdag.

Seint i ettermiddag kom det framleis røyk frå brannruinane på Djønno i Ullensvang. Brannen er den andre i den vesle bygda på to og eit halvt år.

Oddbjørn Djønne

VAKNA AV KNITRINGA FRÅ FLAMMANE: Oddbjørn Djønne opplevde brannen på nært hald.

Foto: NRK

Då brannvesenet kom til staden stod tre naust og ein så å seie ferdigstilt einebustad i full fyr.

Oddbjørn Djønne vakna av knitringa frå brannen og fekk varsla naboane.

– Eg konsentrerte meg om å få vekke dei som bur i nabohuset, slik at dei kunne komme seg ut.

Å sjå ein stor brann på nært hald var ein fæl oppleving.

– Då eg køyrde nedover vegen i natt var eg så shaky at eg sleit med å få tastelåsen av telefonen, seier Djønne.

Hadde bygd nytt hus til mora

Kva som kan vere årsaka til brannen, vil ikkje Oddbjørn Djønne tenkje på.

Lilly Djønne

HUSET BRANN NED: Lilly Djønne skulle flytte inn i ny kårstove på Djønno i Ullensvang.

Foto: NRK

– Å tenke på kva som kan vere årsaka til dette er berre å øydeleggje seg sjølv. Me får berre håpe at politiet finn ut av det.

Dei var i gong med å bygge eit nytt kårhus til på mora på 91 år. Men natt til onsdag brann huset ned til grunne. Mora til Oddbjørn, Lilly Djønne, har vondt for å forstå kva som har skjedd.

– Eg har det tungt. Eg tenker på kor mykje arbeid gutane mine har lagt i dette.

Men huset skal reisast att, lovar sonen.

– Så snart me får lov av politiet byrjar me å bygge på huset att.

Djønno