Framleis fylkesveg 7 som vegnummer

Samferdsleutvalet vedtok i dag at fylkesveg 7 framleis skal vere vegnummeret på strekninga mellom Granvin og Norheimsund. I dag kunne NRK fortelje at Statens vegvesen ønskte å endra vegnummeret til fylkesveg 575. Noko som skapte sterke reaksjonar. Utvalet vedtok og at vegen mellom Odda, via Kvamskogen og til Trengereid skal få endra vegnummer til fylkesveg 49.

Fv. 7 i Granvin, retning Kvanndal
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK