Frakta bort i luftambulanse

Den fem år gamle jenta som blei påkøyrd av ein bil i Os er tatt med i luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus. – Politiet er på staden no og gjer undersøkingar, seier Stine Mjelde i Vest politidistrikt til NRK. Ifølgje politiet skal jenta ha vore bevisst etter ulukka.