Etter historisk nedbørsrekord for september, og skader i millionklassen etter kraftige regnskurar, har haustens regnvêr verkeleg sett sitt preg på Vestlandet.
Tysdag er det varsla opptil 110 millimeter nedbør fleire stader, og vegvesen og kommunar har sete ut «rasvaktar» for å lytta etter ras i fjellsidene.
Men to dagar seinare kan det bli heilt andre tilstandar.
Kan bli opp mot 20 grader
Meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vêrvarslinga på Vestlandet seier skydekket lettar onsdag og gir sol på ettermiddagen.
Dermed blir torsdag og fredag fine «sommardagar» i vest.
– Torsdag ser veldig fin ut, med sol heile dagen og kanskje 20 grader.
Han legg til at det kan bli 15–20 grader heilt fram til og med søndag, men truleg ny nedbør frå ut på fredagen i Bergen.
Her kan du sjå høgtrykket som er på veg:
Mini-sommar
Slik blir seinsommarvêret i resten av Noreg:
- Oslo får flott vêr onsdag. Mot helga blir det skya og varmt, høgast temperatur på søndag.
- I Kristiansand er det ikkje noko nedbør å sjå på langtidsvarselet, men temperaturane søkk frå måndag.
- I Stavanger ligg godvêret an til å halda seg til søndag. Måndag går temperaturen ned til 12 grader og tysdag kjem regnet.
- Trondheim får varmast vêr laurdag og søndag, men slepp unna regnet etterpå.
- Bodø får ein fin helg med mykje bra vêr og 9–12 grader. På måndag kjem vatnet.
- I Tromsø blir fredagen best, med sol og ca. åtte grader. Her kjem regnet allereie søndag.
Molde sette varmerekord
Nå tenker du kanskje at sommar i oktober aldri har skjedd tidlegare, men jo da:
Offisiell noregsrekord er heile 25,6 grader celsius i oktober. Rekorden vart sett på Molde lufthavn 11. oktober 2005. Då vart det sett fylkesrekordar også i Trøndelag, Sogn og Fjordane og Hordaland.
Østfold har berre så vidt klart å kare seg over 20 plussgrader i oktober. Ein dag i 1971 var det nemleg 20,2 grader i Råde. Til og med Troms har hatt ein varmare oktoberdag enn Østfold. Men berre så vidt.
13 av dei 18 fylkesrekordane er under 40 år gamle, fire er over 110 år gamle. Både Troms og Finnmark fekk sine rekordmålingar i fjor. Oslo og Akershus har hatt sine oktoberrekordar sidan 1898.
Kan få 20 grader for 14. gongen
Kor det har vore flest registrerte oktoberdagar med minst 20 varmegrader, kan ikkje Meteorologisk institutt svara på utan ein større analyse av statistikkane.
Men eit utval av 19 byar og rekord-målestasjonar rundt om i landet viser følgande:
- I Bergen har det blitt målt 20 grader eller meir 13 gonger sidan byrjinga av 1900-talet, åtte av dei sidan 70-talet.
- I Sandane i Nordfjord er det målt ti dagar med over 20 varmegrader i oktober sidan 70-talet, inkludert heile fire dagar i oktober 2005, då rekorden vart 24,0 grader.
- Til og med Røros hadde ein «sommardag» i oktober 2011.
Kva rekordar dei neste dagane eventuelt vil gi, står att å sjå. Behageleg blir det uansett mange stader.