NRK Meny
Normal

Frå kjedeleg gatemusikk til slåssing og fyllekøyring

Det har vore ei rekke tilfelle av slåssing og ordensforstyrrelsar i Bergen natt til søndag, i tillegg til eit alvorleg branntilløp, og mistanke om fyllekøyring fleire stader i Hordaland.

slåsskamp ved Burger King Bergen

FAMILIESLÅSSING: To fettarar på 39 og 41 år slåst utanfor Burger King i Bergen sentrum i natt.

Foto: Bergen Foto og Media

Natta byrja med ei meir kuriøs form for uro.

Laurdag kveld fekk politiet i Bergen nemleg inn ei klage på ein gatemusikant på Torgalmenningen med for lite repertoar.

22:12. Torgalmenningen i Bergen. Klage på gatemusikant med svært begrensa utvalg av låter.

Politiet

Litt seinare konstaterte politiet på staden at

Gatemusikanten pakket sammen, var for kaldt og surt til å spille videre.

Politiet

Klokka 22.30 var det eit slagsmål mellom ei gruppe ungdommar på Åsane terminal.

Brannvesenet melde om branntilløp i barnehagen i studentbyen på Nattland i Bergen.

Tidlig varsling, samt rask utrykning, har redda barnehagen for større skadar.

Brannvesenet

Klokka 23.16 melde politiet at ein 19 år gammal mann var sett i drukkenskapsarrest etter ordensforstyrring på Fotballpuben i Bergen sentrum. Han skal ha slått mot både gjester og vakta, utan at nokon vart skadd.

Rus og uro

Ein time etter midnatt vart ein mann på 37 år køyrd til legevakta for blodprøve, mistenkt for å ha køyrd i ruspåvirka tilstand i Bergen. Det vart funne ei mindre mengde narkotika i bilen.

Ti minutt seinare vart ein rusa 24-årig mann pågripen med narkotika i Os sentrum, og sett i varetekt.

Etter klokka 02 vart ein mann på 26 år pågripen for ordensforstyrring på Zachariasbryggen i Bergen og sett i drukkenskapsarresten.

Omlag samstundes vart ein kvinnelig bilførar på 35 år stansa i sentrum av Øystese, mistenkt for alkoholpåverknad og køyrd til lege for blodprøve.

Familiefeide

I fire-tida braka to fettarar på 39 og 41 år saman i eit slagsmål ved eit gatekjøkken.

0404: Slagsmål mellom to menn (også i familie) v/Burger King, Strandgaten, Bergen. En slått i ansiktet. Blør fra nese. Kjørt legevakt.

Politiet

Den eldste vart slått i andletet og blødde frå nasen

Samstundes vart ein mannleg bilførar (32) stansa i Strandavegen på Voss, mistenkt for å vera alkoholpåverka og legevakta tok blodprøve.

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit