NRK Meny
Normal

Frå guterommet på Sotra lagar Mahmod (20) videoar til ein halv million

SOTRA (NRK): Sjølv jenter som ikkje forstår kva han seier, kjem bort og vil ta selfie.

Frå guterommet på Sotra lagar Mahmod (20) videoar til ein halv million

STOR STJERNE: I Midtausten er Mahmod Al Eisawi (20) ein stor stjerne.

Få i Noreg kjenner til Mahmod Al Eisawi. Den palestinske guten bur på Sotra og arbeider med integrering av ungdommar i ein ungdomsorganisasjon, og tar med innvandrarbarn på svømme- og fotballtrening.

Men på fritida er han Youtube-stjerne med kanalen Isawi Vlogs. I skrivande stund har han 580.000 følgjarar.

Frå eit rom på Sotra utanfor Bergen lagar han videoar som han lastar opp på nettstaden.

Dei er humoristiske, og viser livet hans – anten det er på fisketur, i bilen, på butikken eller med veslesystera på ryggen medan han gjer armhevingar.

– På ein time hadde eg 50.000 sjåarar på den eine videoen. Det er ganske bra. Kanskje på slutten av dagen vil det gå over 100.000, seier Al Eisawi.

Blir stoppa på gata

Han har jobba aktivt med Youtube-kanalen i berre eitt år. Allereie har han blitt ei stor stjerne blant følgjarane.

– Det har hendt fleire gonger at folk har stoppa meg og vil ta video og bilete med meg. Det er litt sjokkerande at nokre jenter som ikkje kan arabisk, men ser på videoane mine utan at dei forstår kva er seier. Det er litt gøy å høyre då, seier han.

Videoane er på arabisk, sidan det er morsmålet hans. Dei norske vennene hans ønsker at han lagar videoar på norsk eller i det minste har norske undertekstar.

– Det er mykje lettare å få ut det eg følar og det eg vil si. For å vere heilt ærleg er det også mange fleire som snakkar arabisk i verda, noko som gjer det lettare å bli større på arabisk, seier han.

Vil gje håp til syrarar

Al Eisawi er frå Palestina, men har vekse opp i Irak og Syria. For åtte år sidan kom han og familien til Sotra utanfor Bergen.

Prosjektet hans kjem frå ønsket om å gje håp til dei som er att i Syria.

– Når eg fortel om at eg var i den same situasjonen som dei, men har fått moglegheit til å reise og leve eit godt liv, gir eg kanskje håp til dei.

Målet for i år er å få ein million følgjarar, men den store draumen er å flytte til Dubai.

– Eg skal jobbe vidare med det eg gjør, og ikkje stoppe. Viss ein stoppar på Youtube, så blir du gløymt fort. Vidare vil eg flytte til Dubai, som er eit slags «Hollywood» for arabiske underhaldere. Kanskje ein gong kan eg få meg eit show på arabisk fjernsyn, seier Mahmod.

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.