Hopp til innhold

Frå Bergen til Genève for å kjempe mot verdsomfattande problem

Overlege Ingrid Smith vert ei av seks som skal arbeide med «ei av vår tids største globale helseutfordringar» i Sveits. – Eg går audmjuk til oppgåva.

Ingrid Smith

SPENT: Overlege Ingrid Smith (54) skiftar beite, og reiser frå Bergen til Sveits for å arbeide mot aukande antibiotikaresistens ved hovudkontoret til WHO.

Foto: Anette Hellstrøm / Haukeland universitetssjukehus

– Det kjennest litt som å vere i sentrum av noko som betyr mykje for mange, seier Ingrid Smith.

Det er dagen før overlegen reiser frå Bergen til Genève for å starte i den nye jobben ved hovudkontoret til Verdens helseorganisasjon (WHO). Heime på kjøkkenet på Våge på Sotra har ho akkurat sete heimelaga brød i omnen.

– Eg er eigentleg ikkje så nervøs for det å reise, men eg er spent på om eg klarar å fylle oppgåva eg har fått, seier Smith.

Overlegen har fått permisjon frå jobben på Haukeland, og i to år skal ho bu i midt i Genève og arbeide mot utvikling og spreiing av antibiotikaresistente bakteriar.

– Det vert ei stor forandring.

– Midt i blinken

– I den nye jobben vert det fokus på produksjon av nye antibiotika og regulering av den eksisterande antibiotikabruken. Vi er ei kjernegruppe på seks personar som skal arbeide saman, fortel Smith.

Helseminister Bent Høie har kalla dei resistente bakteriane for «ei av vår tids største globale helseutfordringar».

Ingrid Smith og kollegar

KOLLEGAER: Ingrid Smith saman med Esmita Charani (t.v.), Brita Skodvin og Jannicke Wathne (t.h.), som alle jobbar mot aukande antibiotikaresistens.

Foto: Privat

Eit raskt aukande forbruk av antibiotika gjer at fleire bakteriar vert motstandsdyktige, eller resistente, mot medisinen.

Regjeringa har difor lansert ein nasjonal strategi mot antibiotikaresistens (ekstern lenkje), der det mellom anna heiter at «tiltak mot antibiotikaresistens krever internasjonalt samarbeid. Vi må bidra til at det utvikles nye antibiotika og diagnostiske hjelpemidler.»

– Regjeringa finansierer to stillingar i WHO, og organisasjonen ønska seg ein med min kompetanse. Ein kollega på Haukeland føreslo meg, og då eg fekk tilbodet takka eg umiddelbart ja. Det var midt i blinken, akkurat det eg hadde ønska meg, seier Smith.

Hovudproblemet er at vi bruker antibiotika som angrip fleire bakteriar enn nødvendig. Vi må lære oss å bruke antibiotika som kun påverkar dei bakteriane som faktisk forårsakar infeksjonar i kroppen.

Ingrid Smith

Audmjuk og spent

Smith, som byrja på Haukeland universitetssjukehus i 1993, er tydeleg engasjert i temaet.

– Eg brenn for dette. Dei siste fem-seks åra på Haukeland har eg arbeidd med nettopp antibiotikaresistens, og å styre antibiotikabruken på sjukehus.

Korleis kjennest det å jobbe med noko som er så viktig for så mange?

– Eg ser ikkje på dette som ei sologreie, for eg kan ikkje åleine gjere situasjonen betre. Men eg håpar mitt bidrag kan vere nyttig og eit steg i riktig retning. Eg veit det er viktig arbeid, og kjenner meg heldig og audmjuk som får lov til å jobbe med dette.

Å arbeide med antibiotikaresistens er som å vere på ei stor skute i uvêr på havet. Det er ikkje berre vri på rattet for å kome på rett kurs, det tek tid, krefter, hardt arbeid, kløkt og tolmod.

Ingrid SMith

Etter to år skal Smith i utgangspunktet tilbake til Bergen og Haukeland universitetssjukehus.

– Men om det byr seg moglegheiter og om eg har lyst å fortsetje i Genève når dei to åra er over, er for tidleg å seie. Eg tar denne tida no, så får vi heller snakkast om to år.