Hopp til innhold

Fotokonfrontasjon denne veka

Politiet har hatt problem med å finna bilete av menn som liknar på 55-åringen som er sikta i Lommemannen-saka.

Lommemannen
Foto: Politiet

Fotokonfrontasjonen startar difor først i slutten av denne veka.

- Det har vore ei utfordring å finna bileter som er like nok. Personane me skal samanlikna med må vera like av utsjånad, og bileta må vera tatt på same bakgrunn, seier politiadvokat Jorid Kile Berg i Follo politidistrikt til VG.

Mannen er mistenkt for å stå bak over 150 overgrep mot unge gutar. Men politiet har berre DNA-bevis mot mannen i fem av sakene, difor er fotokonfrontasjonen svært viktig for politiet.

Tor Erling Staff som forsvarer den 55-år gamle mannen, seier klienten ikkje vil vera med på ein personkonfrontasjon, som er ei oppstilling med fleire liknande personar.