NRK Meny
Normal

Fotballen kan gravleggja den gamle bygdestriden

NORHEIMSUND/ØYSTESE (NRK): Dei to bygdene har krangla sidan reformasjonen. I dag kan ei historisk samanslåing av fotballklubbane kanskje setje punktum for bygdekampen.

Norheimsund-Øystese

LOKALDERBY: Dette er blant dei siste lokaloppgjera mellom Norheimsund og Øystese, ein gutekamp i september i år. Neste år kan dei raude og blå vera historie.

Foto: Bård Valvatne / Hordaland Folkeblad

Bygdene langs Hardangerfjorden blei stempla som kranglefantar då ei betent skulesak skapa splid i Kvam for snart ti år sidan.

Norheimsund og Øystese har i årevis kjempa om ting som skuleplassar, vegval, og badeland. No er fotballbanen den aller siste slagmarka for ei bygderivalisering som har vart i generasjonar.

Trass fleire forsøk på samanslåing, har dei to jamstore fotballklubbane aldri klart å bli samde.

Eg har ikkje heilt skjønt dette, men når eg snakkar med folk så skjønar eg at det er ein del kjensler inne i biletet

Eivind Daniel Røed, Norheimsund-spelar

– Me må foreina krefter

For tolv år sidan låg Norheimsund fotballklubb i 2. divisjon. I år unngjekk dei så vidt nedrykk til 6. divisjon i år.

– Me ønskjer å spela i 3. divisjon. For å få til det må me foreina alle krefter og gå saman, seier Norheimsund-trenar Eivind Madsen Skeie.

Han var Øystese-spelar då klubbane diskuterte samanslåing i 2011. Den gongen sa Øystese nei.

No vil Norheimsund igjen prøve lukka hos erkerivalen i nabobygda.

Høyr radioreportasjen:

Norheimsund-trening

REGNTUNGT: Norheimsund har hatt motgang dei siste ti åra. I Øystese har utviklinga gått oppover, men i år rykkjer A-laget ned. No kan erkerivalane i Hardanger slå seg saman.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Strid om skulenedlegging

Saka om skulestriden mellom Norheimsund og Øystese på 2000-talet kjent langt utanfor fylkesgrensene. Krangelen var så betent at han blei tema for ei masteroppgåve om bygdestrid ved Universitetet i Bergen.

Nesten ti år seinare går ungdomane på felles skule i Øystese.

Men framleis ulmar det under overflata. Fylkeskommunen gjekk sjølv inn for å plassera den nye vidaregåande skulen i Norheimsund då dei vedtok å slå saman dei to skulane i bygdene i fjor.

Grunn? Dei ville unngå ein ny plasseringsdebatt i Kvam.

Norheimsund-spillere

FOR: Norheimsund-spelarane Eivind Madsen Skeie og Eivind Daniel Røed les i kompendiet om samanslåing med naboklubben Øystese fotball. – Eg ser ingen argument mot samanslåing, seier Skeie.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Norheimsund-spelar Eivind Daniel Rød frå Nordfjordeid stussar over at klubbane i Kvam ikkje har slege seg saman for lengst.

– Det er 8–9000 innbyggjarar her. Det er ikkje mange stader som har to gode lag på ein så liten plass.

Striden lever i største grad, særskilt blant eldre.

Eivind Madsen Skeie, Norheimsund-trenar

Fryktar for klubbkjensla

Øystese fotball rykker ned til 4. divisjon i haust.

Styreleiar Ola Fjerdingen har stått på for å få medlemene med seg. Han meiner tida er moden for å samla kreftene lokalt.

Terje Melstveit

IMOT: Tidlegare styreleiar i Øystese fotball Terje Melstveit støttar ikkje planane om samanslåing med Norheimsund FK.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

To tredelar må seia ja på årsmøtet. Tidlegare styreleiar Terje Melstveit trur ikkje det skjer. Han er redd mange vil mista tilhøyrsla om klubbane forsvinn.

– Eg er redd for fråfall, både til dugnadsinnsats og blant ressurspersonar og spelarar. Liknande samanslåingar dei siste femten åra har heller ikkje vore noko suksess, seier Melstveit.

– Kan fjerna siste rest av rivalisering

Styreleiarane i klubbane trur ikkje bygdekrangling vil utgjera ein faktor når medlemene i kveld skal seia ja eller nei.

Men Skeie vil ikkje sjå bort frå at spliden framleis speler ei rolle.

– Den lever i største grad, særskilt blant eldre. Ved å slå saman fotballklubbane kan me mest sannsynleg fjerna siste rest av rivalisering mellom klubbane, seier Skeie.

Alt Kåre Hjartnes

VIL STÅ SAMAN: Styreleiar i Norheimsund fotballklubb Alf Kåre Hjartnes ønskjer samanslåing med Øystese fotball.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Siste video

.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.