Hopp til innhold

Fotball-Noreg stod stille for Dale Oen

Fleire fotballag over heile landet markerte bortgangen til Alexander Dale Oen med eit minutt stille før kampstart tysdag kveld.

Brann - Bjarg

Fotballspelarane på Brann og Bjarg stod stille i eitt minutt før kampstart i kveld.

Foto: Kjetil Rydland/NRK

Norges Fotballforbund oppmoda arrangørane av første runde i NM for menn 2012 om å heidra den kjende symjaren med eit minutt stille.

– Me meiner dette er ein fin og verdig måte å markera det som har skjedd på. Det er ikkje noko pålegg, men opp til kvart enkelt heimelag korleis dei vil gjera det, fortel informasjonssjef Svein Graff i Norges Fotballforbund til NRK.no.

– Ein av dei største

Fotballpresident Yngve Hallèn fortel at dette er ein tung dag for idretten i heile landet.

– Det er ein av dei verkeleg store i norsk idrett som er gått bort. Det er heilt ufatteleg trist. Me kondolerer til familien, symjarar og heile Idretts-Noreg, seier fotballpresident Yngve Hallén til fotball.no.

– Spesiell dag

Brannspelar Erik Mjelde fortel at det var spesielt å spela kamp same dag som toppidrettsutøvar Alexander Dale Oen gjekk bort.

– Eg var ikkje heilt meg sjølv før kampen i dag. Det var tøft, sjølv om eg ikkje kjende han personleg. Det er jo altfor tidleg, seier han.

Fotballspelaren vedgår at det set tankar i sving når ein ung og frisk idrettsutøvar døyr så brått.

– Det er klart, men du kan jo ikkje heilt frykta at det same skal skje deg. Du må leva kvar dag, seier Mjelde.

Lyn markerte Dale Oens bortgang

Også spelarane på Lyn og Vålrenga heidra Alexander Dale Oen med eitt minutts stilheit før kampen.

Foto: NRK

Svart sørgeband

Også i Toppserien for kvinner vart Dale Oen markert. Då Arna-Bjørnar tok imot Fart til seriekamp på Arna idrettspark, vart symjaren frå Øygarden heidra eit minutt.

Men medan NFF tok initiativet til markeringa i NM for herrar, var det Arna-Bjørnar som sjølve tok initiativ til det i Bergen. Dale Oen vart heidra i ein kort tale før kampen, og spelarane på begge lag spelte med svart sørgeband på armane.