NRK Meny
Normal

Forventar storinnrykk av fattige til jul

Pågangen av fattige barnefamiliar som søkjer hjelp av Slumsøstrene i Bergen aukar frå år til år. Også denne jula trur dei rekordmange familiar vil stå i kø for å få gåver og mat til julefeiringa.

Frelsesarmeen

STORT BEHOV: Anne-Grethe Amland og ektemannen Ørjan Amland i Frelsesarmeen merkar at stadig fleire barnefamiliar kjem til dei for å få hjelp til naudsynte ting.

Foto: Frelsesarmeen

To dagar i desember vert lokala til Frelsesarmeen gjort om til eit julehus der familiar som har bedt om hjelp kan plukka med seg nye julegåver.

– Då står det nesten til taket av legopakker, kosmetikk, toalettartiklar, pynteting til jul, ski, skisko. Folk leverer inn alt mogleg, seier leiar for slumstasjonen i Bergen, Anne Grethe Amland.

I fjor var 800 personar innom lokala for å plukka med seg leikar og klede.

Pågangen aukar år for år over heile landet, og også denne jula forventar slumstasjonen at endå fleire kjem for å be om hjelp.

– Særleg barnefamiliar som slit

– Me er førebudd på at tilstrøyminga kan bli større i år enn den har vore tidlegare. Barnefattigdommen aukar, og me ser at det er store forskjellar i kva barn og ungdommar kan vera med på.

I 2013 var det over 84 000 barn som levde under den definerte fattigdomsgrensa. Det var 6000 fleire enn året før, viser tall frå Statistisk sentralbyrå.

– Me ser over heile landet at tilstrøymingen til hjelpetiltaka er større, det vert berre meir og meir, seier Amland.

Givargleda blant folk i byen er stor, fortel ho.

– Me ser allereie no at e-postane strøymer inn, og telefonen ringer. Folk har lyst å vera med å hjelpa. Folk set sjølv i gong aksjonar på heimstaden for å samla inn gåver til oss.

Fattig

NRK kunne i dag fortelja om ein trebarnsfar som fleire gonger har måtte servera pizza Grandiosa til familien sin på julaftan. Han er ein av mange småbarnsforeldre som ikkje får pengane til å strekka til.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

– Arbeid er nøkkelen

– Det viktigaste me kan gjera er å passa på at foreldra er i arbeid. Slik kan barn sleppa å veksa opp i fattigdom. Men me må også passa på barna som lever i desse familiane vert sett av NAV, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

Ho peikar på kor viktig det er at kommunane har fokus på problemet med fattigdom.

– Det er viktig at kommunane har gode rutinar, og at NAV ser at dei personane dei jobbar med har barn heime som vert påverka. Det er fleire tilskotsordningar som kommunane må vera flinkare å søka på, slik at barna ikkje fell utanfor.

Ho håpar strategien regjeringa har utarbeida vil ha effekt.

– Det er urovekkande at dette aukar, og no har regjeringa laga ein strategi for å overvinna barnefattigdom. Me fokuserer på at fattigdom ikkje skal gå i arv, og samarbeid mellom stat, kommune og ulike organisasjonar.

Fattigdommen vil auka i framtida

– No er det barn frå innvandrarfamiliar som er overrepresenterte på fattigdomsstatistikken for første gong. Då er det viktig at me får desse familiane til å forsørga seg sjølv gjennom arbeid, seier Horne.

Med den store flyktningstraumen til Noreg kan det ta tid før ein klarer å snu tendensen.

– Med aukande innvandring er me jo redde for at problemet med barnefattigdom vil bli større. Det vil nok ta lenger tid før foreldra kjem seg i arbeid.

Solveig Horne (Frp)

KOMMUNANE MÅ TA ANSVAR: Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne, meiner kommunane må bli flinkare til å søka på tilskotsordningar for barn som lever i familiar med låg inntekt.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix