NRK Meny
Normal

Forsvunne lyskuplar kan koste kommunen mykje

Dyre og historiske lyskuplar har forsvunne frå Nygårdsparken i Bergen. Kommunen trur kuplane er stolne, og no ber dei tjuvane levere dei tilbake.

Dyre og historiske lyskuplar har forsvunne frå Nygårdsparken i Bergen. Kommunen trur kuplane er stolne, og no ber dei ber tjuvane levere dei tilbake.

DYRE: Tre kuplar har forsvunne frå Nygårdsparken i Bergen, og det kan koste kommunen opp mot 300 000 å erstatte kuplane.

Forsvunne lyskuppel

FORSVUNNE: Tre kuplar er vekke frå Nygårdsparken.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

– Her ser me ein båt det er mørkt rundt, og han er på veg utover, seier Trond Stigen som er seksjonssjef i Bergen kommune.

Han får NRK sine bilete av ein båt, med det som kan vere ein stolen lyskuppel.

– Den liknar litt på dei kuplane me har i Nygårdsparken, seier Stigen.

Dyr reparasjon

Trond Stigen

BER OM TIPS: Trond Stigen som er seksjonssjef i Bergen kommune trur kuplane er stolne, og han ynskjer at dei som har tatt dei leverer dei attende.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

Bilete av båten vart tatt førre laurdag, og etter at NRK tok kontakt med Grønn etat har kommunen funne ut at tre av Nygårdsparken sine spesielle lyskuplar manglar.

– Avhengig av slike lyskuplar, så vil ein ha ein kostnad på mellom 30 000, og noko over 100 000 på ein slik reparasjon, seier Stigen.

Totalt kan altså reparasjonane kostnaden med å erstatte dei stolne lyskuplane i Nygårdsparken koste Bergen kommune opp mot 300 000 kroner.

– Det har vore vanskeleg å skaffe erstatningskuplar tidlegare, og leverandøren har ofte måtte bestille fleire i slengen for å ein fornuftig pris og ein god levering på det, seier Stigen.

Ber om tips

I verste fall må kommunen gå over til mindre lyskuplar, med ein mindre historisk utsjånad. Difor ber no kommunen tjuvane om å levere kuplane attende.

– Me vil veldig gjerne ha opplysningar om kvar kuppelen er, seier Stigen.

– Om nokon attpåtil kunne levert den attende til oss, så hadde det vore det aller beste, legg han til.

Nygårdsparken

HISTORISK PREG: Lyskuplane som har forsvunne frå Nygårdsparken har eit historisk preg, og er dyre å erstatte.

Foto: Inger Åse Skage / NRK

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik