Forsvarssjefen vil skrota «Helge Ingstad»: – Hensiktsmessig å gå for «gjenanskaffelse»

Fregatten KNM «Helge Ingstad» er nærast totalskadd og vil bli dyrare å setta i stand enn å bygga nytt fartøy. Forsvarssjefen meiner det er for dyrt å gjera havaristen kampdyktig.

Forsvarsmateriell legger fram tilstandsrapporten om «KNM Helge Ingstad» for forsvarssjefen og forsvarsministeren.

Forsvarsmateriell legger fram tilstandsrapporten om «KNM Helge Ingstad» for forsvarssjefen og forsvarsministeren.

Teknisk, økonomisk og tidsmessig er det knytt lågare risiko ved å bygga nytt samanlikna med å reparera fregatten som kolliderte i Hjeltefjorden 8. november i fjor.

Det er hovudkonklusjonen i Forsvarsmateriell sin tilstandsrapport, som blei lagt fram på ein pressekonferanse onsdag.

– Det vil bli eit svært omfattande og kostbart arbeid å gjenoppretta KNM «Helge Ingstad» som ein operativt fregatt, seier sjef for maritime kapasitetar i Forsvarsmateriell, flaggkommandør Thomas Wedervang.

Eksterne og interne ekspertar har vore med å vurdera skadane etter at KNM» Helge Ingstad» fekk ei 45 meter lang flerre i skroget etter samanstøyten med tankskipet «Sola» TS for eit halvt år sidan.

Nærbilder av KNM «Helge Ingstad» og kjettinger på Hanøytangen 28.februar 2019

SKROG: Både skroget og inventaret på fregatten har fått store skader. Det meste av innvendige komponentar er øydelagd.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– 11–13 mrd. for ny fregatt

Onsdag opplyser Forsvarsmateriell at det vil kosta mellom 12 og 14 milliardar kroner å reparera fregatten. Arbeidet er estimert å ta minst fem år.

– Fregatten er nærast totalskadd og det meste av utstyret, med unntak av nokre komponentar, er øydelagd. Det vil bli svært kostbart å reparera fartøyet, seier Wedervang, som presenterte konklusjonane i rapporten.

Ein ny fregatt er estimert å kosta mellom 11 og 13 milliardar kroner. Summen er høg, men likevel mindre enn kostnadene ved å reparera havaristen.

Forsvarsmateriell har vurdert kostnadene system for system, og hatt dialog med Navantia, som bygga fartøyet i si tid. På våpen, sensor- og sambandssida har Forsvarsmateriell også vore i kontakt med amerikanske styresmakter.

– Det er omfattande skader, spesielt på systema som gjeld sensor- og samband, seier Wedervang.

Det er berre enkelte komponentar som ikkje har vore i direkte kontakt med vatn eller som er konstruert for å tola sjøvatn, som kan brukast på nytt.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (i midten) besøkte KNM "Helge Ingstad" på Haakonsvern.
Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Forsvarssjefen: – Overraskande

Rapporten blei onsdag overlevert Forsvarsdepartementet. Forsvarsmateriell gav inga anbefaling, men gjekk langt i å understreka at fregatten er totalskadd.

– Det er klart at 12 milliardar er mykje pengar. Ein fregatt er det mest avanserte fartøyet me har i det norske Forsvaret. Sidan me kjøpte fregattane tidleg på 2000-talet har det vore ei enorm teknologisk utvikling, seier Wedervang.

Rapport er gradert og blir ikkje gjort offentleg mellom anna på grunn av våpensensitivt innhald.

Departementet publiserte ei pressemelding om konklusjonane onsdag.

Allereie måndag omtalte BT rapporten. Forsvarsmateriell anslår i den, ifølge avisa, at det vil kosta 12 milliardar kroner å reparera fregatten. Det er tre gongar så mykje som fregatten kosta då han blei bestilt for nesten 20 år sidan.

Ein ny fregatt er estimert å kosta mellom 11 og 13 milliardar kroner og vil ta fem år å bygga, ifølge Forsvarsmateriell.

Forsvarsmateriell meiner det er knytt mindre risiko til å bygga ein ny fregatt enn å setta KNM «Helge Ingstad» i sjødyktig stand, men understrekar at dei ikkje vil gi anbefalingar.

Bruun-Hansen

FORSVARSSJEF: – Med ein slik kostnad er det hensiktsmessig, og det vil eg anbefala, å «gå inn for gjenanskaffelse», seier Haakon Bruun-Hansen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen poengterer at det vil bli svært kostbart å fordela alle dei faste byggekostnadene på eitt enkelt skrog.

– Me må bruka dei neste månadene på å vurdera ulike alternativ før me konkluderer, seier Bruun-Hansen, som er overraska over totalkostnaden ved reparasjon.

– Det overraskar meg at det vil bli dyrare å setta i stand fregatten enn å bygga nytt. Med ein slik kostnad er det hensiktsmessig, og det eg vil anbefala, å «gå inn for gjenanskaffelse», seier Bruun-Hansen.

Han kan ikkje seia når, eller om, flåten vil bli utvida med ei ny fregatt.

– Forhåpentlegvis tar regjeringa ei rask avgjerd om KNM «Helge Ingstad».

Omfattande skader

Skadane på fregatten blir omtala som «totale». Forsvarsmateriell har i sin rapport konkludert med at det er både billegare og mindre risikabelt å bygga nytt enn å gjera havaristen kampdyktig igjen.

Som følge av teknologisk utvikling vil utstyret på ein reparert fregatt skilja seg frå dei andre fire fregattane.

– Tapet av ein fregatt er alvorleg for havnasjonen Noreg. No vil eg gå inn i rapporten og studera den grundig før regjeringa skal ta ei endeleg avgjerd om framtida til KNM «Helge Ingstad», seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).

Dersom regjeringa kjem til at fregatten ikkje skal reparerast, vil forsvarssjefen bli beden om å gi eit fagmilitært råd om korleis den operative evna skal erstattast.

Forsvarssjefen er i gang med arbeidet med eit nytt fagmilitært råd. Regjeringa vil utarbeida ein ny langtidsplan for Forsvaret. Kva som vil skje med Sjøforsvaret sin operative evne, vil truleg inngå i arbeidet.

– Det vil bli opp til forsvarssjefen, som sit tettast på fagmiljøa, å vurdera vår operative evne.

Nils Andreas Stensønes på Haakonsvern

KONTREADMIRAL: Øvste leiar i Sjøforsvaret, kontreadmiral Nils Andreas Stensønes på Haakonsvern i mars.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

– Dei sikkerheitspolitiske forholda har blitt verre

Sjef for Sjøforsvaret, kontreadmiral Nils Andreas Stensønes, seier til NRK onsdag at han ikkje er overraska over den høge reparasjonskostnaden.

– Å reparera KNM «Helge Ingstad» vil også verta eit fartøy som er ulikt dei andre fregattane. Då er det riktigare å heller kjøpa nytt fartøy om ein skal velja mellom dei to alternativa, seier Stenstønes, som også sit i forsvarssjefen sitt fagmilitære råd.

Han meiner det på grunn av den sikkerheitspolitiske situasjonen er ein stor trong for fregattar.

– Situasjonen har vorten meir utfordrande den siste tida. Me skulle difor hatt fem fregattar. Eg er sikker på at forsvarssjefen vil gi eit godt råd til regjeringa når den tid kjem, seier Steinstønes.

Besetninga på den havarerte fregatten seglar no dobbel bemanning på ein av dei andre fregattane.

– Nettopp på grunn av dei sikkerheitspolitiske forholda så ynskjer me ikkje redusera talet på besetningar, seier sjøforsvarssjefen..

Aksjonar har kosta over 700 millionar

KNM «Helge Ingstad» var ein av fem fregattar i Nansen-klassen som Forsvaret bestilte frå det spanske verftet Navantia. Å bestilla ein tilsvarande fregatt i dag vil kosta langt meir.

Berre det å sikra, heva og transportera ulukkesfregatten har til no kosta 726 millionar kroner. Etter nesten fire månader i fjorden nord for Stureterminalen i Øygarden, blei havaristen i februar frakta til Haakonsvern i Bergen.

Regjeringa ønskjer at KNM «Helge Ingstad» skal reparerast. Dersom det ikkje går, kan fregatten bli erstatta av undervannsbåtar og patruljefly.

Regjeringa har i revidert budsjett sett av 486,3 millionar kroner ekstra til Forsvarsdepartementet for å dekke utgifter etter fregatten Helge Ingstads forlis

Kranfartøyet Gulliver legger seg til ved siden av Rambiz ved KNM Helge Ingstad

GIGANTAR: Kranfartøya Gulliver og Rambiz i siste fase før dei førebur heving av fregatten sundag 24. februar.

Foto: NRK

Søk i valresultata

valg-dekorasjon