På ein pressekonferanse måndag kveld fortalde politiet at dei har funne kniven som skal ha blitt brukt i drapet på bensinstasjonen Circle K ved Danmarks plass i Bergen.
Said Bassam Chataya (28) skal ha blitt knivstukken fleire gonger i overkroppen.
Tre av dei tolv sikta blei måndag varetektsfengsla. Den drapssikta 21-åringen skal haldast isolert frå dei to andre, som er sikta for psykisk medverknad til drapet.
Dei ni andre er sett fri, men blir haldne under oppsikt av politiet.
Handla raskt
Under pressekonferansen fortalde Salvesen om dei dramatiske minutta i Solheimsviken fredag kveld.
Loggen syner at politiet rykte raskt ut, og handla raskt då dei var framme:
- Klokka 21.29 blei dei meldt om slagsmål ved bensinstasjonen. Det kom ikkje meldingar om skadar eller knivbruk.
- Klokka 21.33 blei det meldt om knivstikking.
- Klokka 21.36 er første politipatrulje framme.
- Klokka 21.37 blir Said Bassam Chataya lagt bak i ein stor politibil, som køyrer utrykking til akuttmottaket på Haukeland universitetssjukehus.
«Load and go»
Eit vitne har tidlegare fortald NRK korleis dei forsøkte å halde liv i Chataya i minutta etter knivstikka.
Ein av politifolka som var først framme på staden har såkalla medic-utdanning (for handtering av skadde i samband med skarpe oppdrag), og hadde fått beskjed om å vurdere umiddelbar transport til sjukehuset.
Metoden dei brukte då dei straks la Chataya inn i bilen, blir kalla «load and go», fortalde Salvesen på pressekonferansen.
Men det raske forsøket på livredding var nyttelaust.
Klokka 21.45 var Chataya framme på sjukehuset. Vel ein halvtime seinare blei 28-åringen erklært død.
– Har vore ein konflikt
20 politifolk jobbar med saka, og neste veke får Vest politidistrikt bistand frå Kripos.
Kjelder seier til BT at offeret og den sikta tidlegare hadde eit godt forhold, men at det endra karakter for eit års tid sidan. Sjalusi og tidlegare slagsmål er ein del av politiet si etterforsking.
Den drapssikta 21-åringen samtykka til varetektsfengsling i fire veker, men erkjenner ikkje straffskuld. Ifølgje forsvarar Jørgen Riple har klienten ein kuttskade etter hendinga.
– Det var ikkje tilfeldig at avdøde, sikta og dei andre var på bensinstasjonen. Det har vore ein konflikt, seier Riple.
– Har han erkjent knivstikking?
– Eg veit svaret, men kan ikkje kommentere det.
Video viser drapet
Tingretten var prega av strenge tryggingstiltak under fengslingsmøta, som gjekk for lukka dører. Både utanfor og inne sto væpna vakter, og alle som skulle inn i retten måtte gjennom ein sikkerheitssluse.
Ifølgje forsvarar Riple er det «naturleg å tenkje» at tryggingstiltaka skuldast ein vurdering av at nokon kan ønskje å skade 21-åringen.
Politiet opplyste laurdag at drapshandlinga blei filma av overvakingskamera på bensinstasjonen.
– Videoen viser at den drapssikta var meir aktiv enn dei andre, sa politiadvokat Trond Eide til NRK.
Ifølgje forsvarar Riple er videoen uklar, og det er vanskeleg å sjå kva som skjer.
- Les meir: