NRK Meny
Normal

Førsteplass etter fire år på pallen

Bergensar vann «Noregs vakraste marathon». Løypa er også noko av det tøffaste ein kan gje seg ut på. – Vilt og vakkert, fortel vinnar Lars Olaf Haaheim.

Hardanger Marathon 2016

SPEKTAKULÆR NATUR: Lars Olaf Haaheim frå Bergen fekk tid til å nyta naturen langs fjell og fjord under Hardangervidda Marathon, då han etter kort tid kom i leiinga.

– Det gjekk ikkje mange kilometerane som før eg forstod at eg hadde fått ei luke. Då kunne eg kontrollera tempoet ganske bra heile vegen, og heller nyta naturen litt.

Haaheim kom på første plass i Hardangervidda Marathon. Løpet, som også er kalla xtremeidfjord, gjekk av stabelen i dag.

42-åringen sprang for Varegg klubb på tida 3:57:56. Vinnaren i kvinneklassen heiter Malin Sørensen, og sprang på 4:57:55.

Ekstremt terreng

Ei god blanding av gjørmete fjellstiar, snø, is og spektakulær natur lokka rundt 200 sprekingar til startstreken i Eidfjord.

Hardangervidda Marathon er nemleg ikkje eit normalt maraton der ein spring på asfalt i flat løypeprofil.

I år var det ekstra vått og glatt, og du må kryssa ein del elvar, så då plumpa du litt oftare uti enn vanleg.

Lars Olaf Haaheim

– I år var det ekstra vått og glatt, og du må kryssa ein del elvar, så då plumpa du litt oftare uti enn vanleg, fortel vinnaren.

Hardanger Marathon 2016

UNDER FIRE TIMAR: Lars Olaf Haaheim frå Bergen sprang for Vareg klubb på tida 3:57:56. Vinnaren i kvinneklassen, Malin Sørensen, sprang på 4:57:55.

Foto: Kai-Otto Melau

Haaheim har delteke i Hardangervidda Marathon heilt sidan oppstart i 2012, og har hamna blant topp tre alle åra. Endeleg var det hans tur til å stå øvst på pallen.

– Det var artig, men eg sprang eigentleg like fort i fjor, sjølv om eg kom på 2.-plass.

0 til 1.200 moh.

Løypa ligg i umiddelbar nærleik til Hardangerjøkulen og Vøringsfossen, og er kanskje eit av dei vakraste løpa ein kan delta i.

Etter nokre få kilometer kjem den brutale stigninga inst i Simdadalen. Der ventar stupbratte fjellsider og ei stigning frå 0 til 1.200 moh. i løpet av seks kilometer. Fleire av kneikane ligg på mellom 40 og 50 prosent stiging.

Hardangervidda Marathon

50 PROSENT STIGING: Dei stupbratte fjellsidene gjer at dei verste kneikane ligg på mellom 40 og 50 prosent stiging.

Foto: Kai-Otto Melau/Xtremeidfjord

Mot slutten av løpet står du på toppen av Hjølmodalen. Herifrå jobbar du deg nedover den bratte og svingete grusvegen mot målstreken.

– Det er ei veldig tung nedstiging, seier Haaheim.

– Tok du ut alt du hadde under løpet?

– Ja, nesten alt i alle fall. Eg var godt sliten når eg kom inn til mål.

Hardanger Marathon 2016

GOD BLANDING: Snø, is, gjørmete fjellstiar, elvar, og spektakulær natur lokka rundt 200 sprekingar til startstreken i Eidfjord.

Foto: Alexis Berg / Xtremeidfjord

Spring to mil på fjellet kvar dag

Årets vinnar er barnefar, men tek seg tid til å trena nesten kvar dag.

– Det blir fort eit par mil på fjellet.

Haaheim var nyleg på familieferie i Sveits, der han deltok i verdscupen Matterhorn ultraks, over alpane sitt mest kjende fjell. Der kom han på 12.-plass.

Men det stoppar ikkje der. 42-åringen spring nemleg mange løp. I sommar kom han blant anna på 5.-plass i NM terrengultra i Hornindal. Løypa på 5.600 høgdemeter har ein tøff profil, og går 75 kilometer nesten utelukkande i fjellterreng.

– Kor hardt var det?

– Om du gongar Hardangervidda med to, så kanskje du byrjar å nærma deg noko.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.