Første fregatt på Nato-oppdrag etter KNM «Helge Ingstad»-havari

I fire månadar skal KNM «Thor Heyerdahl» patruljera eigne og allierte farvatn. – Oppdraget er viktig for å få Noreg sine interesseområde på Nato sin agenda, seier skipssjef.

KNM "Thor Heyerdahl"

SKARP BEREDSKAP: KNM «Thor Heyerdahl» skal vera på skarp beredskap for Nato og sørga for frie hav og trygge forsyningslinjer i det nordlege Atlanterhavet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– «På stedet hvil!» ropar skipssjef på KNM «Thor Heyerdahl», Arild Skoge, til besetninga si på 130.

Dei har trent eit halvt år for det som no kjem.

– No skal me inn i operasjonar med Nato sin ståande styrke saman med andre nasjonar. Me er ein del av noko større, seier Skoge stolt og bestemt til besetninga si.

Tysdag ettermiddag forlét fregatten hovudbasen til Sjøforsvaret, Haakonsvern i Bergen.

Dei neste fire månadene skal KNM «Thor Heyerdahl» ut i det nordlege Atlanterhavet for å patruljera norske og allierte farvatn, og vera på skarp beredskap for Nato. Her skal dei sørga for frie hav og trygge forsyningslinjer.

– Dette oppdraget er viktig for å formidla forståing av nordområda, og for å får Noreg sine interesseområde på Nato sin agenda, seier Skoge.

Skipssjef Arild skoge

KORT KLARTID: Skipssjef Arild Skoge er glad for at dei har fått oppdraget. – Tett samarbeid med andre allierte gjer at me får trent på å bli klare på kort tid, slik at me kan brukast der Nato treng oss, seier han.

Foto: Oddgeir Øystese / nrk

Jamlege oppdrag

– Forsvaret av Noreg bygger på alliert støtte, og mesteparten av materiellet må dermed ta i bruk Atlanterhavet som transportåre både frå Amerika og Europa. Derfor er det eit poeng at Noreg bidrar til patrulje i desse områda, seier Skoge i ei pressemelding.

Dette er første gong at ein norsk fregatt står på skarp beredskap for Nato etter at fregatten KNM «Helge Ingstad» havarerte i november i fjor.

Sjøforsvaret skriv på nettsidene sine at dei har jamlege bidrag i Nato sine ståande maritime styrkar. Førre var med mineryddaren KNM «Hinnøy» som returnerte i slutten av juni etter eit fire månadar langt oppdrag i ei av Nato sine ståande mineryddarstyrkar.

Øvelse KNM "Thor Heyerdahl"

FØREBUDDE: Besetninga på 130 har drilla på oppdraget i eit halvt år for å førebu seg på skarpe oppdrag.

Foto: Oddgeir Øystese / nrk

I 2020 overtek Noreg kommandoen for to av dei ståande styrkane, både den ståande fregattstyrken (SNMG1) og den ståande mineryddarstyrken (SNMCMG1).

– Må kunna beskytta havområdet vårt

Pål Andreas Narum er systemoffiser på fregatten og har ansvar for ubåtjakt til havs. Han skal dei neste fire månadane vera langt og lenge vekke frå familie, med lite privatliv og ein trong tomannslugar.

Han fortel at kontakten med verda omkring er liten på slike oppdrag.

– Er det verdt det?

– Når ein ser det i eit større bilete så ser ein at dette er ganske viktig. Då ser eg at eg bur i eit godt land, med ansvar for eit stort havområde. Og det må me kunna beskytta. Det er det me trenar på, seier Narum.

Skipssjef Skoge fortel at førebuingstida dersom det skulle oppstå krisar, har blitt kortare no enn før. Dermed er det viktig at dei får vera med på slike oppdrag.

– Me treng alliert støtte om det skulle oppstå ein krise, seier Skoge. Me har kortare tid å bli klar på no enn før, dermed må me ha styrkar tilgjengeleg til å brukast når dei treng det. Me må heile tide drilla og øva for å vera klar på kort tid, seier han.