Hopp til innhold

Sanne Helen (2) var først uti

Det splitter nye svømmeanlegget i Bergen vart i dag innvia. Sanne Helen (2) var den første som plaska uti barnebassenget.

Sanne Helen i AdOarena

FØRST: Sanne Helen vann konkurransen i sosiale media og fekk vera det første barnet som fekk plaska rundt i barnebassenget i det nye svømmeanlegget AdO Arena.

Foto: Mette Anthun / NRK

Sanne Helen

LITT SKEPTISK, MEN: Kanskje det var litt for spennande i starten, men Sanne Helen (2) vart til slutt førstemann uti barnebassenget.

Foto: AdOarena på Instagram

Det splitter nye svømmeanlegget på Nygårdstangen i Bergen har fått namnet Ado Arena, etter den avdøde svømmaren Alexander Dale Oen.

Anlegget vert først opna for publikum i haust, men allereie i dag fekk nokre heldige prøva ut bassenga då svømmehallen vart innvia. To år gamle Sanne Helen Sandberg vann ein konkurranse i sosiale media og var først uti barnebassenget.

– Veldig stolt, det er ein stor ære å få innvie det her, seier mor Frida Helen Sandberg som opphavleg er frå Nordkapp i Finnmark. Toåringen hennar var litt skeptisk i starten, men etter kvart fall barnebassenget i smak.

– Det er her Sanne Helen skal få lære seg å svømme.

Broren stupte uti først

Robin Dale Oen

STOLT: Robin Dale Oen er stolt over namnevalet på AdO Arena.

Foto: Mette Anthun / NRK

Bror til Alexander Dale Oen, Robin, fekk æra av å innvia 50-meters bassenget saman med ungdommar frå The Dale Oen Experience og landslagssvømmerar frå Bergen.

– Dette anlegget er hinsides bra. Kanskje det beste ein finn i Europa, sa Dale Oen då han kom opp av bassenget.

Han er glad for anlegget snart opnar og ser fram til at det også vert fylt med aktivetar, trening og svømmeopplæring.

– Me som familie er veldig audmjuke over namnevalet. Det er veldig kjekt, smiler Robin Dale Oen.

Innvia 50-metersbassenget

SJÅ VIDEO: Her vert Robin Dale Oen førstemann uti 50-meters bassenget, i svømmeanlegget som er kalla opp etter bror hans.