NRK Meny
Normal

Forsøkte å rane buss - slo sjåfør i hovudet

Ein mann forsøkte torsdag kveld å rane ein buss ved Oasen senter i Fyllingsdalen i Bergen. Han slo buss-sjåføren fleire gonger med ein telefon før han forlét bussen.

Laster kart, vennligst vent...

FORSØKTE Å RANE: Ein mann i slutten av 20-åra prøvde å rane ein buss-sjåfør ved Oasen Senter i Fyllingsdalen i Bergen. Mannen vart arrestert kort tid etter.

– Det kom ein uklar melding klokka 20.31, og då oppfatta me at det hadde vore eit forsøk på eit ran av ein bussjåfør ved Oasen Senter, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Morten Kronen.

– Det var ikkje mogeleg å få svar på om det var brukt våpen, eller om det var tatt noko, legg han til.

Slo sjåføren med telefon

Ein mann skal av vitne ha blitt observert då han gjekk inn på bussen ved senteret, og at han kort tid etter gjekk ut att. Han gjekk deretter inn på Oasen Senter.

Politiet sende ein patruljebil, og seks minutt etter meldinga, klokka 20.37, arresterte politiet ein mistenkt.

– Den mistenkte har gjort eit forsøk på eit ran, og skal ha tatt buss-sjåføren sin telefon. Denne slo han i hovudet på sjåføren fleire gonger, før han gjekk inn på Oasen Senter, seier Kronen.

– Me har etter kvart funne ut at den arresterte ikkje fekk med seg pengar, og han skal ikkje ha trua nokon med våpenliknande gjenstandar, seier han.

– Har rett mann

Den arresterte mannen skal vera ein kjenning av politiet, og politiet vil no sette mannen som er i slutten av 20-åra i varetekt.

– Det er på det reine å seie at me har rett mann. No har me bestilt ein ambulanse slik at me får sjekka bussjåføren, og så ta opp forklaringar med vitne, seier Kronen.

Det blir oppretta sak.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.