NRK Meny

Forsøkte å bryte seg inn vindauge

Politiet fekk like etter klokka halv fire melding om at ein person forsøkte å ta seg inn eit vindauge til eit soverom på Danmarksplass i Bergen. Innringaren var blitt vekka av innbrotsforsøket, og politiet rykka ut. – Vedkommande som forsøkte å kome seg inn stakk av då innringar vakna. Vi har vore i området og søkt med nokon patruljar, men førebels ikkje funne nokon, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Lars Monsen og NRK tar med hele Norge til fjells til sommeren.