Hopp til innhold

Forsøk på innbrot i Møllendalsveien

Ein mann er pågripen etter å ha prøvd å tatt seg inn i ei leilegheit i Møllendalsveien i Bergen natt til onsdag. Dei som budde i leilegheita melde frå til politiet klokka 03.40 om at nokon prøvde å komma seg inn eit vindauge i leilegheita. Mannen forsvann frå staden, men vart raskt funnen av politiet, opplyser Lars Geitle i Hordaland politidistrikt.