NRK Meny

Forskarar frå heile verda samla i Noreg: – Vi skal ta pulsen på verda

JONDAL (NRK): Over 70 framtidsforskarar er samla i Hardanger når verdsomspennande fredskonferanse blir arrangert i Noreg for første gong.

Steinar Nilsen

STOLT: Styreleiar ved Hardangerakademiet, Steinar Nilsen, er glad for at 50-årsjubileet for World Futures Studies Federation vert feira i Jondal.

Foto: Tale Hauso / NRK

Når den internasjonale fredskonferansen World Futures Studies Federation har 50-årsjubileum, blir arrangementet lagt til den vesle kommunen Jondal i Hardanger.

– Her er medlemmer mellom anna frå Iran, Latin-Amerika, USA, Asia, Australia. Heile verda er representert, seier Erik Øverland, påtroppande president for World Futures Studies Federation.

Saman med Hardangerakademiet har organisasjonen samla forskarar frå heile verda i vesle Jondal. På agendaen står fred, utvikling og miljø.

– Tanken er å ta pulsen på verda, og prøve å adressere kva framtida vil bringe.

– For verdas framtid

Fredskonferansen som vert arrangert på Jonatunet i Jondal frå 7.–10. juni er den 22. i si rekke.

– Det heile starta i kjølvatnet av konferansen Mankind 2000 Meeting i Oslo i 1969, fortel Øverland.

Konferansen den gong resulterte i opprettinga av World Futures Studies Federation, som fann stad i Paris i 1973. Organisasjonen er i dag rådgivande partnar til UNESCO, og har medlem i 60 land.

World Futures Studies Federation i Jondal

FREDELEG: På Jonatunet er over 70 forskarar samla til fredskonferansen World Futures Studies Federation.

Foto: Tale Hauso / NRK

I år er temaet for konferansen «studiar for verdas framtider», med vekt på fred, utvikling og miljø.

– Hardangerakademiet har same formål som konferansen, seier styreleiar ved akademiet, Steinar Nilsen.

Han er stolt over å vere vertskap for forskarane.

– Her i Jondal skal dei legge fram sine syn på det som vil komme om 30 år, og kva dei tenkjer vi kan gjere for å endre det som kjem framover. Professor Johan Galtung, som var ein av arrangørane av konferansen i 1969, meinte Jondal måtte vere staden der 50-årsjubileet skulle markerast.

– Eit viktig møte

På Jonatunet skal mellom anna samarbeid, menneskelege versus teknologiske-framtider, FN sine berekraft-mål, urbanisering, øko-byar og utdanning for framtida diskuterast.

Alethia Montero på WFSF

SPENT: Alethia Montero frå Mexico har teke turen til Jondal for å diskutere fred, utvikling og miljø.

Foto: Tale Hauso / NRK

Alethia Montero har reist heilt frå Mexico til Jondal for å få med seg arrangementet.

– Det er viktig å møtast for å snakke om fred i desse tider, og så er det spanande å møte andre kulturar og andre måtar å tenkje på, seier Motero.

Ho får støtte frå sin iranske kollega, Victor Vahidi Motti.

– Vi må møtast fysisk for å prate, det vil hjelpe oss til å tenkje nytt. Det er interessant å sjå mangfaldet av menneske som er samla her i Jondal.

Øverland i WFSF er glad for at så mange har teke turen. Han har høge forventningar til konferansen og dagane framover.

– Vi skal diskutere alvorlege spørsmål på ein original måte. Når vi adresserer framtida får vi ein heilt anna type diskusjon om vanskelege tema.

Siste video

Hundar som skal påvisa kreft, nytt forslag til heving av Fedje-ubåten og full strid om kommunenamn i Sunnfjord. Sjå Vestlandsrevyen med programleiar Jan Børge Leirvik.
Psykiateren og KrF-politikaren døydde etter ei trafikkulukke, 81 år gamal.