Havforskarane Tina Kutti og Vivian Husa ved Havforskningsinsituttet i Bergen anslår at korallrevet, som blei funne på 150 meters djup utanfor Stord, er minst 4000 år gammalt.
Revet er 300 meter breitt og 200 meter langt.
– Fann det på slump
– Å finne eit så stort, levande og intakt korallrev, er utruleg flott. Slike bakkerev er det ikkje mange av. Dei er viktige å ta godt vare på, seier Vivian Husa til NRK.
Ho fortel at det har vore fleire forskingstokt i området, men at dei ikkje har sett dette revet før.
– Vi fann det nærmast på slump. Når ein filmar på 150 meters djup, ser ein berre to-tre meter fram. Denne gongen berre låg vi der på grunn av dårleg vêr og fekk ikkje gjort det vi skulle. Så vi slapp berre ned videoriggen – og der var det, fortel Husa.
Årsaka til at dei slapp ned kameraet er at forskarane lenge har hatt mistanke om at det låg eit stort korallrev i området, skriv Havforskingsinstituttet.
Ligg i verneområde
Funnet har fått namnet Bukkarevet og ligg heilt ute i munningen av Hardangerfjorden.
Revet ligg så vidt innanfor grensa til Miljødirektoratet sitt forslag til Ytre Hardangerfjorden verneområde.