NRK Meny

FORSEINKINGAR PÅ BERGENSBANEN:

På Bergensbanen går no togtrafikken på strekninga Vikersund-Flå. Jernbaneverket melder at det trulig blir forseinkingar fordi straumen framleis er borte etter avsporinga ved Hønefoss i går. Eit diesellokomotiv må trekke toga over strekninga, og det gjer at toga trulig blir forseinka. Strekninga har vore stengd sidan i går føremiddag.