Hopp til innhold

FORLENGA FENGSLING FOR DRAPSSIKTA:

28-åringen som er sikta for forsettleg drap på stefaren sin i Loddefjord i desember, er varetektsfengsla i fire nye veker. – Han er fengsla med brev- og besøksforbod, bekreftar politiadvokat Janne Heltne til NRK. Før helga vart siktinga utvida. Den drepne 62-åringen vart utsett for massiv vald.