NRK Meny
Normal

Forkasta frikjenninga av drapsdømd 25-åring

Bergensaren blei dømd til 11 års fengsel for drapet på broren. Juryen frikjende 25-åringen, men no har fagdommarane forkasta frikjenninga.

Knivdrap i Åsane

DREPEN FRAMFOR MOR OG KJÆRAST: Dei to brørne rauk i kvarandre heime hos mora, der begge budde. Både mora og offerets kjæraste blei vitne til drapet.

Foto: Remi Boe Presttun

I juni blei ein 25 år gammal mann i Bergen tingrett dømd til elleve års fengsel for drap på bror sin, i Åsane i september i fjor.

Mannen anka dommen, og juryen frikjente så 25-åringen for drap, og dømte han i staden for lekamsskading med døden til følgje. No har fagdommarane forkasta frikjenninga, skriv BT.no.

LES OGSÅ: Politiet: Kjæresten og moren så 27-åringen bli knivdrept

Forkasta juryen si avgjersle

25-åringens forsvarsadvokat John Christian Elden reagerer sterkt. Han har vanskeleg for å forstå kvifor fagdommarane forkasta frikjenninga.

– Juryen følgde instruksjonane som lagmannsretten gav. Lagmannen sa tydeleg at juryen hadde to val: lekamsskading eller drap. Så tek juryen sitt val, i tråd med instruksjonen. Då er det underleg at fagdommarane setter rettsavgjerda til side. Det er underleg i ein situasjon der ein lèt som at det er folket ved juryen som skal ta avgjersla, seier Elden til BT.

Saka går no til ny behandling i lagmannsretten. Denne gongen vil retten bli sett utan jury, med tre fagdommarar og fire lekdommarar.

LES OGSÅ: - Det er ufatteleg, dei to har alltid vore nære vener

Døydde av blødingar frå knivstikk

Det var 21. september i fjor at 25-åringen gjekk til åtak på sin to år eldre bror med kniv i ein bustad i Liakroken i Åsane i Bergen. Bakgrunnen for krangelen skal ha vore ein konflikt mellom dei to brørne.

Den avdøde 27-åringen døydde av blødingar frå knivstikk i hjartet. Påtalemakta meinte 25-åringen stakk med vilje, og aktor Jan-Inge Wensell Raanes bad om elleve års fengsel i sin sluttprosedyre då saka gjekk i retten i slutten av mai.

I retten forklarte 25-åringen at han aldri hadde til hensikt å ta livet av bror sin under krangelen.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo