Hopp til innhold

Forhandlingsmøte over etter 20 minutt

Høgre, Frp, KrF og Venstre i Bergen møttes i ettermiddag til byrådsforhandlingar. Det blei eit kort møte.

Byrådsforhandlingar i Bergen.

Byrådsleiar Monica Mæland (nederst til høgre) har invitert dei andre borgarlege partia til forhandlingar.

Foto: Johannes Morland / NRK

Møtet starta like over kl. 15 og varte berre i 20 minutt. Venstre ga klar beskjed om at dei ikkje vil forhandla om byrådssamarbeid med FrP.

– Det er ikkje for å vera vanskeleg, det er rett å slett på grunn av politiske usemje, særleg i forhold til miljøpolitikk, forklarer Julie Andersland i Venstre.

– Venstre har vore tydeleg på dette heile valkampen, og me har eit årsmøtevedtak på at me ikkje kan sitta i byråd med FrP, seier Andersland.

Høgre, FrP og KrF snakkar vidare

Byrådsleiaren er ikkje overraska, men understrekar at Venstre er velkomne tilbake til forhandlingsbordet når dei måtte ønska.

Høgre vil no halda fram med forhandlingar med byrådspartnarane FrP og KrF.

– Eg konstaterer at ein ikkje ein gong er villig til å diskutera med Frp. Det har Venstre vore klar på i heile valkampen, så det er ikkje noko nytt. Men me har ingen problem med å snakka med alle dei borgarlege partia, kommenterer Liv Røssland i FrP.

– Kvifor kom Venstre til forhandlingane?

– Me ønskjer å vera konstruktive i arbeidet med å få på plass eit nytt byråd i Bergen, men me kan ikkje gå på tvers av politikken vår, forklarer Julie Andersland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video eda57fc1-26aa-4eb3-8b69-d2054014d6ce.jpg

Vil ikkje snakka om posisjonar

Dei tre byrådspartia skal no halda fram med samtalar, men det kan fleire veker å bli einige.

– Min erfaring er at det tar tid å gå gjennom politikk og posisjonar. Det er viktig å gjera ein grundig jobb når ein lagar byrådsavtalar. Me skal helst innom alle tema, seier Monica Mæland.

– Kven vil få kva posisjonar?

– Høgre har fått styrka si rolle, og det bør gi utslag både politisk og når det gjeld posisjonar. Men me skal ikkje fordela dei no. Politikken er det viktigaste, og det er den me bør byrja med, seier Mæland.

– Tenka nytt viss me ikkje blir einige

Kva som skjer viss Høgre ikkje bli einige med KrF og FrP vil byrådsleiaren førebels ikkje spekulera i.

– Me skal no gjennom mange og krevjande rundar me våre noverande partnarar, og skulle ikkje det nå fram så får me tenka nytt. Men me har eit håp om at me skal få det til, seier Mæland.

LES OGSÅ: Vil ha FrP ut av byrådet

NRK følgjer saka