NRK Meny
Normal

Forhandlar seg fram til diagnoser for å unngå forsikringsproblem

Pasientar forhandlar diagnose med legen for å få betre helseforsikring. Etter at forsikringsselskapa har fått auka innsyn i pasientar sine sjukdomshistorier, er det stadig fleire som ønskjer å unngå visse diagnosar i sjukemeldinga.

Sykmelding

VIL UNNGÅ VISSE DIAGNOSAR: Pasienter forhandler om diagnoser med legen for å kunne få bedre helseforsikring.

Foto: Ola A. Thorset / Scanpix

Mæland

FORSKAR PÅ SJUKEMELDINGAR: Silje Mæland har nyleg publisert ei studie der ho tek for seg fastlegane sitt ansvar i forhold til å skrive ut sjukemeldingar.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Det meiner forskar Silje Mæland ved Uni Helse. I hennar doktoravhandling har ho sett på kva som ligg bak når legar gir sjukmeldingar til pasientar.

– Når me sitt på fastlegekontoret så viser våre studiar at det med sjukemelding er ei forhandlingssak mellom fastlege og pasient. Dette stadfestar mange av fastlegane me har snakka med i løpet av prosjektperioden, seier Mæland til NRK.

Ho meiner det er blitt vanleg at pasientar forhandlar med legar for å unngå visse diagnosar.

– Det er ikkje alle som er interesserte i å ha ein depresjonsdiagnose eller angstdiagnose eller for den saks skuld ei ryggdiagnose på sjukemeldingsplanketten.

– Enkel årsak

Forskaren meiner årsaka er enkel.

– Me ser i større og større grad i dag at forsikringsbransjen har innsyn eller får innsyn i journalane våre, og at ein vil kunna bli nekta forsikring på bakgrunn av at ein har hatt helseplager som ikkje taler i din favør når det gjeld å få livsforsikring, skadeforsikring eller sjukeforsikring på sikt.

– Du trur mange legar er villige til å forhandla med pasientane?

– Ja. Fastlegane seier sjølve at dette er ei forhandlingssa, svarar Mæland.

Meiner det er svindel

Fastlege Erik L. Werner er blant fastlegane som har opplevd pasientar som forhandlar seg til diagnosar.

– Fordi dei er redd for at dette skal hefte ved dei og at det skal få ein negativ innverknad ved ein seinare anledning. Anten i forhold til rettsvesen, politi, trygdesystem og andre som har innsynsrett eller ynskjer journalopplysningar.

Kommunikasjonsrådgjevar Vidar Dalsbø i DNB Forsikring fortel at dei kjenner til problemet.

– Det ser vi på som svært alvorleg. Pasientar pressar legar for å få ei avgjerd som går i deira favør i samsvar til forsikringa. Det er jo svindel, meiner han.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.