Bergenskvinna opplever eit mareritt det er nesten umogleg å forstå.
Kidnappa på veg til Bergen
Den 18 år gamle dottera hennar blei kidnappa då ho var på veg til Bergen for å bli gjenforeint med mora for tre månader sidan. Kidnappinga skal ha skjedd på grensa mellom Eritrea og Sudan.
Kidnapparane krev 200.000 kroner for å setja dottera fri, og mora har fått frist til i dag med å betala pengane.
– Dei trugar med å drepa ho og selja kroppsdelane hennar, seier Mengestu.
– Gud sende ein hjelpar
Men no har mora fått hjelp frå uventa hald.
Bergenslegen Torun Sæter Rotevatn blei så berørt då ho høyrde om kidnappinga at ho starta kronerulling for mora.
– Den saka gjekk rett inn hos meg og greip tak i meg. At ei kvinne som bur så nær er blitt utsett for noko slikt, seier Rotevatn.
Ho har utfordra blant anna vener, familie og naboar til å bidra med pengar.
– Eg har eigentleg ikkje ord. Eg trur det var Gud som sende Torunn til meg, fordi eg ikkje hadde ein sjanse til å kjøpa henne fri frå kidnapparane, seier Mengestu.
Fryktar valdtekt og tortur
No har den innsamla summen passert 150 000 kroner.
Resten av summen er sikra i form av eit lån.
Mora meiner det hastar å få dottera ut.
– Eg fryktar at ho kan ha blitt valdteken og torturert. Det hastar å bli einig med kidnapparane, seier Mengestu.
– Kan vera problematisk
– Desse kidnapparane er veldig farlege. Dei er svært valdelege. Det er bevist at dei har drepe mange flyktningar, seier førsteamanuensis og Eritrea-ekspert frå Universitetet på Ås, Stig Jarle Hansen.
Han seier denne historia dessverre ikkje er eineståande og at problemet med kidnapping har vore aukande dei siste åra.
I september i år blei fire søsken sett fri, etter ein innsamlingsaksjon i farens lokalmiljø i Nordland.
Hansen innser at det kan vera problematiske sider ved å betala pengar til kidnapparane, blant anna fordi det er med på å halda liv i ein "kidnappingsindustri".
Likevel meiner han det er den einaste sjansen til å redda livet til dottera.
– Dette er heilt naudsynt for å få ho ut. Dei har ikkje noko val, seier Hansen.