Hopp til innhold

Forhandlar fiskekvotar for milliardar

BERGEN (NRK): Denne veka blir det det avgjort kor store verdiar norske fiskarar kan ta opp neste år.

Snøkrabbe

SNØKRABBEN: Den ukjente arten, snøkrabben, er blant dei vanskelegaste punkta i fiskeforhandlingane.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Kolmule var det fantastiske prisar på i fjor. Vi fekk ein verdi frå norske fiskarar på nesten ein milliard, seier konsulent i Norges Sildesalslag, Roald Oen.

Frå kontoret ved Bryggen i Bergen, omsettar Norges sildesalslag fangst frå fleire hundre fiskebåtar.

For norske fiskarar er fiskeforhandlingane viktig. Det handlar om store verdiar, nemleg kor mykje dei kan ta opp neste år av blant anna torsk, kolmule, sild og brisling.

– Ein er alltid litt usikker om det er ei oppgang eller ein nedgang på enkelte arter. Og det kan ha mykje å sei i verdi, seier Oen.

Sildesalslaget

SPENT: Norges sildesalslag er spent på resultatet frå fiskeforhandlingane.

Foto: Siri Løken / NRK

Kvotebytte på snøkrabben

I lokala til Fiskeridirektoratet på Nordnes går det føre seg fiskeriforhandlingar mellom norske styresmakter og EU for 40. året på rad denne veka.

– Det går rimeleg bra. Vi har hatt større problem tidlegare år, seier forhandlingsleiar for Norge og avdelingsdirektør i Nærings- og fiskeridepartementet, Ann-Kristin Westberg.

Men ei ganske ukjent art i våre farvatn, snøkrabben, er blant dei vanskelegaste punkta.

– Norge seier at den einaste måten EU kan fiske lovleg snøkrabbe, er via eit kvotebytte med Norge, seier Westberg.

– Men EU meiner at dei har rett på å fiske snøkrabben ifrå vatnet utanfor Svalbard?

– Ja, det stemmer. Norge har tilbydd EU eit bytte, men då må Norge bli kompensert på ein eller annan måte, seier Westberg.

Storbritannia største kvoteeigaren

Det er siste året EU forhandlar på vegner av Storbritannia. Brexit gjer at forhandlingane dei nærmaste åra vil sjå heilt annleis ut.

– No vil Storbritannia sannsynlegvis blir den største eigaren av kvotar. Så kjem Norge og deretter EU. Vi har grunn til å tru at EU kjem til å ha ein mindre markant posisjon i forhandlingane i åra framover, seier Westberg.

Fiskeforhandlingar er kompliserte saker, for det handlar om kvotar og grenser og milliardar av kroner i det som for Norge er blant våre viktigaste næringar.

Belgiske Jacques Verborgh leiar EU-delegasjonen. Han vil ikkje gje nokre detaljar frå forhandlingane, men har i likskap med Westberg stor tru på at dei kjem i hamn denne veka.

– Det går bra. Det er endå tidleg i veka. Eg håpar alt vil bli avgjort innan fredag, seier Verborgh.

Forhandlingslederne

FORHANDLE: Både avdelingsdirektør i Nærings- og fiskeridepartementet, Ann-Kristin Westberg og belgiske Jacques Verborgh som leiar EU-delegasjonen, trur forhandlingane kjem i hamn denne veka.

Foto: Siri Løken / NRK