Hopp til innhold

Forgubbing i brannvesenet

Bergen har dei eldste brannfolka i landet.

Bergen brannvesen
Foto: Linda Nødseth / NRK

Gjennomsnittsalderen på utrykningstyrken er 48 år. Det er nesten ti år eldre enn landsgjennomsnittet.

- Altfor høgt, meiner leiar av Bergen brannvesen fagforening, Frode Bødtker.

- Om ikkje Bergen brannvesen blir tilført nye stillingar i løpet av kort tid, kan situasjonen bli alvorleg, meiner Bødtker.

Tilsetjingstopp i seks år

Det er tilsetjingstopp dei seks siste åra som har ført til ei forgubbing av utrykningstyrken.

Blant dei største byane har Bergen dei desidert eldste brannfolka i landet. Landsgjennomsnittet er 39 år, medan det i Oslo berre er 37 år - altså 11 år yngre enn i Bergen.

Avdramatiserer forgubbinga

Brannmeister Helge Eidsnes i Bergen brannvesen likar ikkje situasjonen, men avdramatiserer forgubbinga.

- Gjennomsnittsalderen er høgare enn det vi ynskjer i høve til dei fysiske krava vi stiller til branntenestemenn. Men vi kan ikkje gjere så mykje konkret med det før det blir ein naturleg avgang.

Han slår fast at branntyggleiken i byen ikkje er truga.

Knirkar litt meir

Det knirkar kanskje litt meir i ledda når det er brannutrykning i Bergen.

47 år gamle Jon Eirik Haugland har tenkt å halde koken som brannmann, men tenkjer oftare på helsa no enn for 20 år sidan.

- Eg har sjølvsagt kjent i ryggen at eg må passe litt på. Eg er ikkje nokon ungsau på løft lenger.