Hopp til innhold

Vil kutte antibiotikabruk med 30 prosent

Årleg døyr 25.000 menneske i EØS-området grunna antibiotikaresistens. – Ein stor helsetrussel i framtida om vi ikkje gjer noko no, seier stortingsrepresentant Kjersti Toppe, og føreslår å kutte 30 prosent i antibiotikabruken i Noreg.

Antibiotika

FØRESLÅR KUTT: Årleg døyr 25.000 menneske i Europa grunna antibiotikaresistens. Stortingsrepresentant Kjersti Toppe føreslår å kutte 30 prosent i antibiotikabruk for å unngå spreiing av antibiotikaresistente bakteriar.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

– Vi ser at det er problem både når det gjeld matvarer, og at det er eit stort problem i helsevesenet, seier stortingsrepresentant i Helse- og omsorgskomiteen Kjersti Toppe frå Senterpartiet.

Bakgrunnen for forslaget om å utarbeide ein handlingsplan for jordbruket og ein for helsevesenet, er at det internasjonalt og i Noreg har vore ei stor auke av antibiotikaresistente bakteriar.

– Problemet er at heilt vanlege infeksjonar, og vanlege inngrep i helsevesenet kan bli svært risikofylte dersom vi ikkje har antibiotika som verkar mot dei infeksjonane vi får, seier Toppe.

– Kan bli alvorleg

Kjersti Toppe

FØRESLÅR KUTT: Stortingsrepresentant Kjersti Toppe føreslår å kutte 30 prosent i antibiotikabruk for å unngå spreiing av antibiotikaresistente bakteriar.

Foto: Paul Sigve Amundsen

Kvart år dør 25 000 menneske i EØS-området av infeksjonar fordi bakteriar er resistente. Sjølv om Norge har låg førekomst av resistens, så er den aukande også her.

– Det verste er at denne resistensen smittar, og viss ikkje me gjer aktive grep så kan dette bli veldig alvorleg om ganske få år, og då må vi òg gjere grep i Norge, seier Toppe.

– Den enkeltfaktoren som bidrar til resistens er bruk av antibiotika og bruk av penicillin, og i Noreg har bruken av penicillin blitt fordobla på 30 år, seier Toppe.

– Må kutte

Folkehelseinstituttet sin rapport viser at opp mot 50 prosent av antibiotika som vert skriven ut i Norge, er unødvendig.

– Eg trur at me i Norge har vore litt bakoverlente, fordi situasjonen har vore betre her enn i andre land, men det er det farleg å vere, seier Kjersti Toppe.

– Vi brukar mykje sterkare type antibiotika, og både unødvendig antibiotikabruk i landbruket og helsevesenet bidrar til spreiing, så der me kutte, seier ho.