FORESLÅR FORBOD MOT RYPEJAKT:

Det blir truleg forbode å gå på rypejakt i Ullensvang statsallmenning denne sesongen. Rypebestandane er historisk låge – og difor foreslår fellesstyret no eit forbod. Forslaget til freding av rypa denne jaktsesongen er no ute på høyring dei to kommunane det gjeld – Odda og Ullensvang. Fristen er 13. juni, viss ikkje blir forslaget vedteke.