Hopp til innhold

Her får elevane varm mat på SFO – slik er det ikkje mange stadar

FANA (NRK):Ein av tre forelder seier at dei ikkje er fornøgde med mattilbodet på SFO. Halvparten er uroa for kvaliteten på maten.

SFO-mat på Apelthun skole

VARIERT: Apeltun SFO i Bergen får gode tilbakemeldingar frå foreldra. Denne dagen var det smøremåltid, men skulen serverer òg varm mat fleire gonger i veka.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / nrk

På den aller første dagen på SFO ved Apeltun skole i Bergen får elevane forsyna seg med skiver og pålegg.

– Maten er god, og eg kan velja mellom alt som er her, seier Oda Tørnby Bolstad (8) i tredje klasse på Apeltun skole.

Men det er ikkje alle stader at maten fell i smak, i alle fall ikkje hos foreldra.

Tal Norstat henta inn i 2018 syner at ein av tre foreldre ikkje er fornøgde med maten. Forbrukarrådet har gjort ei ny, mindre undersøking i 2019 som viser same tendens.

Mange foreldre rett og slett er uroa for kvaliteten på maten barna får.

SFO-mat på Apelthun skole

FORNØGDE: Oda Tørnby Bolstad (t.v.), Selma Seiam Anderssen og Thea Drengenes Nilsen (t.h.) på Apeltun skole er fornøgde med maten dei får servert.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / nrk

Frå brød til suppe og pølse

Dei aller fleste SFO-tilbod serverer mat, men innhaldet i måltida varierer.

Éin av tre foreldre seier dei ikkje er fornøgde med maten på SFO. Foreldre i Oslo er aller minst fornøgde.

Undersøkinga, som er gjort på oppdrag for Forbrukarrådet, viser mellom ana at:

  • Nesten halvparten av foreldra svarte både i 2018 og 2019 at dei i ulik grad er bekymra for kvaliteten på maten.
  • Om lag fire av ti meiner det ikkje blir lagt til rette for mange nok måltid, medan halvparten er usamde i at SFO tilbyr eit godt utval av sunn mat.
  • Halvparten er ikkje samde i at barna får eit variert mattilbod og etterlyser meir grønsaker.

Undersøkinga blei gjennomført av Norstat våren 2018. Forbrukarrådet har følgd opp med intervju i juni 2019.

Anne Kristin Vie, fagdirektør i Forbrukarrådet, fortel at det er store skilnader frå kvar ein bur i landet.

Enkelte har varm, heimelaga mat. Nokon serverer posesuppe og pølser, medan andre har brød og pålegg.

– Det er litt synd at ein ikkje klarar å løfta mattilbodet på SFO rundt om i landet. Det er veldig varierande. Nokre plassar leverer dei eit veldig bra mattilbod, men hos dei aller fleste trur eg det står ganske dårleg til, seier ho.

Anne Kristin Vie, fagdirektør i Forbrukerrådet

SKILNAD: Anne Kristin Vie i Forbrukarrådet fortel at dei store skilnadane handlar om kva fasilitetar SFO-ane har og kor villige personalet er til å vektlegga maten i SFO-en sin.

Foto: Birgitte Wold Ingebretsen / NRK

Kommunane sitt ansvar

I Bergen blei det i fjor innført eit obligatorisk smøremåltid for alle barna på SFO. Men Apeltun er blant skulane som òg serverer ungane varm mat fleire gonger i veka.

– Men dersom nokon ikkje likar det som blir servert, har me knekkebrød og pålegg, og alltid frukt eller grønsaker, seier avdelingsleiar Hanne Hausken på Apeltun SFO.

Ho fortel at dei er opptekne av variasjon i maten til barna, og at dei har fått gode tilbakemeldingar frå foreldra.

Hanne Husken

ANNA TILBOD: Apeltun SFO prøver å ha god variasjon i matvegen. – Me ønsker å tilby noko anna enn det barna allereie har fått på skulen, seier avdelingsleiar Hanne Hausken.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / nrk

Forbrukarrådet og Kost- og ernæringsforbundet vil at SFO-ane skal vera forplikta til å følga Helsedirektoratet sine retningsliner for måltid i skulen.

Vie meiner kommunane må bli bevisste på kva som ligg bak mattilbodet deira.

– Deler av pengane som foreldre betalar for SFO skal gå til mat. Sunn mat treng ikkje nødvendigvis å kosta så mykje meir. Det handlar om fokus og kreativitet, seier Vie.

Ifølge retningslinjene til kommunane skal det vera enkelt og sunt med drikke, brødmat, knekkebrød og pålegg.