Hopp til innhold

Foreldre ber Bergen droppe plastnekt for å redde leikeplassar

SLETTEBAKKEN (NRK): 1300 elevar fekk nye leikeplassar sett på vent då Bergen innførte plastforbod. Foreldre håpar bystyret snur vedtaket.

FAU-leiar ved Slettebakken skole, Mariana Rød.

BØR FULLFØRE PROSJEKT: FAU-leiar Mariana Rød meiner dei prosjekta med plastdekke som allereie er i gang bør bli fullført.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I september vedtok bystyret i Bergen å ikkje kjøpe inn fleire fallunderlag av plast og gummi til skular, barnehagar og leikeplassar.

Dei skulle også lage ein plan for å fjerne eksisterande dekke.

Men etter berre tre månadar har det nye byrådet i Bergen, med Miljøpartiet Dei Grøne i spissen, teke til orde for å oppheve vedtaket.

– Det er ingen gode alternativ som er slitesterkt og som sikrar universell utforming og sikkerheit, sa byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) til NRK.

Gummiunderlag

SYNTETISK: Gummiunderlaget er ei kjelde til mikropartiklar, som blir omtalt som mikroplast.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Vil ha plast- og gummidekke

På Slettebakken skule i Bergen er det planlagt fleire nye leikeapparat, men planane blei sett på vent då bystyret vedtok plastdekke-nekten i september.

Det same gjeld bygging av nye nærmiljøanlegg på skulane Alvøen og Fridalen. Kring 1300 elevar ventar på desse leikeapparata.

I tillegg meiner byrådet at prosjekt ved Seimsmyrane bydelspark, parken Fredens bolig og åtte leikeplassar står i fare for å bli forseinka.

På Slettebakken er dei glad for at byrådet vil snu vedtaket, sjølv om Naturvernforbundet har ropa varsku om bruken av slikt underlag.

– Vi skulle få to bingar, fleire apparat og fargerike turnstativ. Akkurat no ser det ut som ein asfaltjungel her, seier FAU-leiar Mariana Rød ved Slettebakken skule.

Ho er også politikar for Arbeidarpartiet i bydelen. Rød meiner det blir feil at prosjekt som eigentleg burde stå ferdige blir stoppa eller forseinka, og meiner det går utover ungane.

– Eg synest intensjonen er god, og vi bør absolutt ta eit krafttak for å få miljøvennlege leikeplassar. Men per dags dato har vi ikkje alternativ.

Diane Berbain på Klosterhaugen leikeplass på Nordnes

SEIER NEI: Diane Berbain (SV) meiner plast- og gummi er farleg for både miljøet og barna, og vil ikkje oppheve plastforbodet.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Mange gode alternativ

SV har tidlegare protestert kraftig mot byrådets forslag om å endre på vedtaket.

– Det er mange gode alternativ tilgjengeleg, som til dømes bark. Vi ser ikkje nokon grunn til å bruke dette som ei unnskyldning for å motarbeide eit godt miljøtiltak når Bergen skal bli Noregs grønaste by, seier Diane Berbain (SV).

Ho får med seg Høgre på protesten, som også vil behalde vedtaket frå september.

– Byrådet må ta ansvar for at dei har valt å utsetje prosjekt som fullt mogleg let seg realisere som plastfrie alternativ, seier Harald Victor Hove (H).

Skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) seier ho framleis har til gode å sjå eit nærmiljøanlegg som fungerer godt med bark. Ho ber difor bystyret om lov til å byggje med gummidekke til dei har eit anna godt alternativ.

– Det byrådet ber bystyret om er å gå med på, er at vi får lov til å setje i gang med å greie ut alternativa, slik at vi kan lage meir miljøvennlege leikeplassar i åra som kjem, seier Engø.

Linn Kristin Engø (Ap), byråd for barnehage, skole og idrett i Bergen

– IKKJE GODT NOK: Skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) meiner bark ikkje er eit godt nok alternativ.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Opent kva som blir vedtaket

Byrådet i Bergen består av Ap, MDG, KrF og Venstre.

Dei har ikkje fleirtal i bystyret og måtte i budsjettforhandlingane hente støtte frå Raudt og nettopp SV.

Derfor er det heilt opent om byrådet får fleirtal for å snu vedtaket om å forby plastunderlag på bergenske leikeplassar.

Det vil i stor grad avhenge av kva Frp og FNB kjem til å lande på. Sistnemnde har 11 representantar i bystyret.