Hopp til innhold

Foreldra støttar Knut Arild: – KrF treng fornying

BØMLO (NRK): Dei reknar seg sjølv på høgresida i partiet, men foreldra til Knut Arild Hareide støttar sonen i at KrF måtte ta eit val.

Ragnar og Tordis Hareide heime på Bømlo

OVERALT: «Stakkars mann», tenker Tordis Hareide av og til når ho ser sonen i media. Ho synest han har takla presset fint.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Partiet har jo gått tilbake, så han måtte gjere eitt eller anna. Og då var det ikkje så mykje anna å gjere enn å gå til venstre, seier Ragnar Hareide.

Sonen kan vere inne i si siste veke som partileiar for Kristeleg Folkeparti. Heime på Bømlo sit foreldra og følgjer prosessen i partiet tett frå sofaen.

– KrF må fornyast, seier Tordis Hareide.

Også ho støttar valet sonen har tatt om å utfordre partiet til å velje side.

– Me kan ikkje berre ha med sånne åttiåringar som oss. Partiet må få dei unge med seg.

SJÅ VIDEO: Hareides foreldre tok imot NRK heime i Rubbestadneset på Bømlo.

– Noko måtte han gjere

I barndomsheimen til Knut Arild Hareide står både tv-en og radioen på mesteparten av tida nå.

– Vi har god tid til å følgje med. Det har vore mykje styr, seier far Hareide.

På stuebordet ligg boka til sonen, «Det som betyr noe», som blei starten på nokre dramatiske veker i norsk politikk.

Foreldra innrømmer at dei blei overraska då sonen råda partiet til å gå til venstre.

– Forstår de at han har sett denne prosessen i gong?

– Knut Arild har fått mykje påpakning for ikkje å gjere noko, så eit eller anna måtte han gjere, seier Ragnar Hareide.

Hareides bok på foreldras stuebord

OVERRASKA: – Det kom veldig bardust på oss, seier faren om at Knut Arild Hareide valde Arbeidarpartiet framfor høgresida.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Får støtte på heimebane

Kona set nysteikte lappekaker og syltetøy på bordet.

Ho møter folk på Bømlo som seier dei har meldt seg inn i KrF fordi dei støttar sonen og vegvalet hans. Fleire enn ho hadde rekna med, seier Tordis.

Trass i nye medlemmer, er partiet framleis under sperregrensa, syner ei NRK-måling. Og med berre nokre få dagar att til landsmøtet, ligg sonen an til å tape kampen om kva veg partiet skal gå.

Sjølv veit ikkje Tordis Hareide om ho ville stemt «blått» eller «raudt».

– Eg har veldig sansen for Erna, og det hadde vore vanskeleg for meg om ho skulle gå av som statsminister. Men eg trur nok at eg hadde stemt på Knut Arild sitt val.

Tordis Hareide heime på Bømlo

ENGASJERT: – Me skal vere glade når alt er over. Men me blir jo skuffa på hans vegner om han taper, seier Tordis Hareide.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Fortel lite

Sjølv ikkje foreldra veit kva Knut Arild Hareide tenker om si eiga framtid i politikken, om han skulle tape på fredag.

– Vegen vidare veit ikkje me, og eg trur ikkje han veit heller, seier Tordis Hareide.

– Han sa ein gong til meg på spit: «Eg har no permisjon ifrå Schibsted». Men elles har han ikkje sagt nokon ting, humrar Ragnar Hareide.

At dei støttar yngstesonen uansett kva som skjer, er det ingen tvil om.

– Han må følgje det han meiner er rett, så lyt me følgje med han.