Hopp til innhold

Foreldra måtte identifisere døtrene på overgrepsbilder

Jentene var på overnattingsbesøk då dei skal ha blitt utsett for grove overgrep. Familiefaren i 40-åra kan bli sitjande i fengsel resten av livet.

Statsadvokat Magne Kvamme Sylta i Hordaland

ALVORLEG: – Her har det skjedd fleire alvorlege tillitsbrot, seier statsadvokat Magne Kvamme Sylta.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Hausten 2013 i Bergen: Ei jente fortel foreldra sine kva som har skjedd ho på overnatting hjå ei venninne. Det blir den første avsløringa i ei overgrepssak som veks seg til å bli av dei grovaste og mest omfattande i Noreg dei siste åra.

To og eit halvt år seinare, i mars 2016, blir ein bergensmann i 40-åra tiltalt for grove seksuelle overgrep mot åtte mindreårige jenter.

Han nekta først, men etter kvart som saka vart rulla opp, skal han ha tilstått fleire av forholda.

Overgrep og valdtekt

Måndag startar den sju dagar lange rettssaka i Bergen tingrett. Her vil foreldre og pårørande igjen møte mannen som er tiltalt for å ha utsett døtrene deira for grove overgrep. Mannen som dei sjølv sende døtrene sine på overnattingsbesøk til.

Dei gjentekne overgrepa skal ha gått føre seg over fleire år, fram til november 2013. Alle var under ti år då overgrepa starta. Bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs, som representerer sju av jentene, skildrar ein omfattande og svært grov tiltale.

– Det er også tatt ut tiltale for valdtekt av sju av dei små barna, der ein legg til grunn at dei har sove eller vore ute av stand til å setje seg imot handlingane til mannen, sa Eikeseth Mjøs til NRK då tiltalen var klar tidlegare i år.

Det er statsadvokat Magne Kvamme Sylta som er aktor og fører saka for påtalemakta.

– Her har det skjedd fleire alvorlege tillitsbrot. Det er grove krenkingar mot små barn, i tillegg til vaksne personar som opplever at barna deira er utsett for seksuelle overgrep, seier statsadvokaten til NRK.

Bergen politihus nær

POLITIKRITIKK: Politiet i Bergen har fått mykje kritikk for arbeidet med saka. Det tok 16 månader frå saka vart meldt til

Foto: Jon Bolstad / NRK

Overnatting

Den tiltalte er ein familiefar i 40-åra frå Bergen. Offera skal anten vera i familie med den tiltalte, eller venninner av dottera hans. Statsadvokaten seier overgrepa skal ha funne stad under overnatting i den tiltalte sin heim.

Då han vart arrestert, skal han først ha nekta for overgrepa, før han kom med ei delvis tilståing etter kvart som politiet la fram sine bevis i avhøyr med mannen.

Etter det NRK kjenner til, skal mannen i politiavhøyr fortalt om depresjon og omfattande alkoholbruk på grunn av problem både på jobb og i familie. Han skal ha fortalt om såkalla «blackouts» i den perioden.

NRK har vore i kontakt med forsvarar Fredrik Verling. Han ønskjer ikkje å gi nokre kommentarar til saka før den går for retten måndag.

Tok bilde av overgrepa

Etter kvart som politiet tok beslag i den tiltalte sine datamaskiner og mobilutstyr, kom dei over mange bilete og filmar som var lagra på harddiskane.

I tillegg til materiale som mannen i 40-åra har henta ned frå internett, låg det bilde som han har tatt sjølv av sine eigne overgrep mot barna.

– Dette er bildemateriale som etter vår meining dokumenterer grove seksuelle overgrep. Det er støytande innhald, men ein må gå gjennom det i retten. Det er viktig at barna får ei stemme og vi må sørge for at dei får saka si presentert i retten, seier Sylta.

Han vil starte rettssaka måndag med å gå gjennom bevisa i saka, før det blir spelt av avhøyr med barna som er gjort på Barnehuset i Bergen.

– Mi oppgåve er å syne bevisa vi har. Men eg har sjølvsagt i tankane at barna og foreldra må takast omsyn til, seier statsadvokaten og oppmodar media til å gjere det same.

Tysdag er det venta at den tiltale startar si forklaring.

Bergen tingrett oktober 2016

OMFATTANDE SAK: Det er sett av sju dagar til rettssaka i Bergen tingrett.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Måtte identifisere døtrene

Bilda som politiet meiner mannen har tatt syner ikkje ansiktet til jentene.

Mykje av etterforskinga har derfor handla om å finne ut kven jentene er, mellom anna gjennom å sjekke kven som har vore på overnatting hjå mannen.

Då saka vart kjent, bad politiet foreldre som trudde barna kunne ha blitt utsett for overgrep av mannen, ta kontakt. Etter kvart som saka vaks i omfang gjennom etterforskinga, vart fleire foreldre kalla inn til politihuset for avhøyr.

Her har dei blitt vist overgrepsbilda for å bekrefte eller avkrefte om det er deira dotter som er vist på bilda. Foreldra har sett etter kjenneteikn som føflekkar eller undertøy for å identifisere barna sine.

– Det ligg i saka sin natur at dette har vore ei stor belastning for dei involverte og familiane deira, sa bistandsadvokat Eikeseth Mjøs til NRK i vår.

Ellen Eikeseth Mjøs

BISTANDSADVOKAT: Ellen Eikeseth Mjøs er bistandsadvokat for sju av jentene. Her i forbindelse med ei anna sak i Bergen tingrett.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Politiet brukte lang tid

Den omfattande saka har vore svært belastande for dei pårørande i saka. Det har blitt ytterlegare forsterka av ei etterforsking som har tatt svært lang tid.

Politiet i Bergen fekk mykje kritikk då saka vart kjend i media vinteren 2015. Då vart mannen varetektsfengsla, men politiet hadde altså fått ein politimelding på mannen hausten 2013.

Då tok politiet beslag i data- og mobilutstyr, men det gjekk fem månadar før materialet vart send til analyse. Ifølgje BT tok det fire månadar før teknikarar såg på innhaldet, og konstaterte at det inneheld overgrepsmateriale.

Totalt gjekk det 16 månadar frå politimelding til mannen vart varetektsfengsla i slutten av mars 2015.

– Det har tatt lang tid, og det beklagar vi. Vi hadde til slutt nok opplysningar og nok grunnlag til å fengsle mannen, sa politiadvokat Janne Heltne til NRK ei veke etter at saka vart kjend.

Prioriterer overgrepssaker

Trass tidsbruken i denne konkrete saka, er overgrep mot barn ei prioritert etterforskingsoppgåve frå høgste hald. Dei siste åra er fleire svært alvorlege overgrepssaker rulla opp i Noreg.

Berre i Vest politidistrikt har politiet det siste året hatt ei stor auke i sokalla tilrettelagde avhøyr, der barn blir tatt inn til Barnehuset for å fortelje om alvorlege ting dei har blitt utsett for.

– Det er viktig at desse alvorlege sakene blir avdekka. Gjennom aktiv og målretta etterforsking og gjennomføring av tilrettelagde avhøyr, så har fleire saker komme fram. Både Riksadvokaten og politikarar på høgste hald seier at å etterforske overgrep mot barn er ein viktig prioritet, seier statsadvokat Magne Kvamme Sylta.

Krev forvaring

Strafferamma for dei mest alvorlege punkta i rettssaka som startar måndag, er på 21 års fengsel. I tiltalen legg statsadvokaten ned eit atterhald om påstand om forvaring.

Dermed risikerer mannen i 40-åra å sitje resten av livet i fengsel.

– Endeleg avgjerd i påtalemakta si påstand om straff blir tatt etter at bevisføringa er over i retten, avsluttar Sylta.

Det er sett av sju dagar til saka i Bergen tingrett. Bistandsadvokatane Ellen Eikeseth Mjøs og Aina Helene Tvengsberg ynskte ikkje å kommentere rettssaka på førehand.