Dei tilsette har til no jobba fjorten timars arbeidsdagar for deretter å ha tre veker fri.
Men den nye arbeidsmiljølova godtek berre tretten timars arbeidsdag.
Mildevegen bofellesskap. (Foto: Guro Mjanger/NRK)
Autist med mange pleiarar
Randi Tyvold Drange har ei autistisk dotter ved Mildevegen bofellesskap. Den nye ordninga fører til at dottera får mange pleiarar å forhalda seg til.
- Eg er sikker på at i løpet av dei ti åra ho har budd her har ho hatt 400 personar å forhalda seg til. Og ho er autist, og liker dårleg forandringar, fortel Tyvold Drange.
Ho seier at den nye vaktturnusen ved Mildevegen bofellesskap har gjort kvardagen til dottera betre.
Tidlegare har dottera brukt mykje tid på å forsikra seg om kven som skal vera saman med ho dei neste timane.
Det siste halvåret har dei tilsette jobba fjorten timars vakter i ei veke, og det betyr tryggleik for bebuarane.
Ny arbeidsmiljølov
Ei rekkje bufelleskap over heile landet har vist interesse for den såkalla nordsjøturnusen, men no set den nye arbeidsmiljølova ein stopp for ordninga.
- Sjølv om me hadde hatt lyst til å fortsetja med slike ordningar hadde me ikkje lenger kunna grunna den nye arbeidsmiljølova, fortel Egil Dahlen i Arbeidstilsynet.
Bufellesskap og andre tilbod for rusavvenning, barnevern og behandling av psykisk sjuke har dispensasjon frå lova.
No ønskjer tilsette ved Mildevegen at det også skal gjelda dei som jobbar med psykisk utviklingshemma.
- For dumt!
Turnusordninga der skal avviklast 1. april, og håpet er ei lovendring før den tid.
Randi Tyvold Drange vil kjempa mot at livskvaliteten til dottera blir dårlegare grunna hyppige vaktskifte.
- Eg finn meg ikkje i det, og det blir for dumt dersom dette ikkje skal kunna gå an å ordna, rasar ho.
Trude Drevland. (Foto: NRK)
Byråd vil gjera alt
Helsebyråd i Bergen, Trude Drevland seier ho vil gjera alt ho kan for å hjelpa.
- Turnusen slik han er i dag er avhengig av at fagforeininga er samd, og at dispensasjon blir gitt frå arbeidsmiljølova. Eg vil gjera alt for at vaktordninga kan fortsetja, og eg står på bebuarane si side, seier Drevland.